Loading Events

Back to all Events

Frukostmøte: Grøn aktivitet i maritim næring – rapportlansering

August 23 at 08:0010:00

Event Navigation

NCE Maritime CleanTech og Maritime Bergen inviterer til lansering av rapporten “Grøn Maritim”. Rapporten er utført av Menon Economics på oppdrag frå Eksportkreditt, Enova, Rederiforbundet og NCE Maritime CleanTech. Målet har vore å få fram status for sal, eksport og investeringar innan grøn maritim, samt å skissera moglegheiter for ytterlegare vekst.

På seminaret vil North Sea Shipping fortelja om North Sea Giant som er eit av verdas største konstruksjonsfartøy med batteriinstallasjon. Eksportkreditt kjem for å presentera finansieringsmoglegheiter når det gjeld grøne investeringar, og det blir paneldebatt med politikarar og representantar frå industrien.

Program:

8:00-8:30: Frukost og mingling

8:30-9:00: Presentasjon av rapporten «Grønn aktivitet i maritim næring» – Menon Economics

9:00-9:15: Batteriinnstallasjon på North Sea Giant – Henning Revne, North Sea Shipping

09.15-09.30: Finansiering av grøne prosjekt – Ivar Slengesol, Eksportkreditt

09.35-10.00: Debatt og spørsmål frå salen. I panelet sit Liv Kari Eskeland (H), Ruth Grung (Ap), Lars Haltbrekken (SV) og representantar frå industrien

 

Arrangementet er fullteikna!

Details

Date:
August 23
Time:
08:00–10:00
Event Categories:
,

Venue

Grand Bergen
Nedre Ole Bulls plass 1
Bergen, 5012