Loading Events

Back to all Events

Grøn skipsfart – Enovas tilbod

October 21 at 10:0011:00

Event Navigation

Enova har i år signert ein ny avtale med sine eigarar, som no legg endå meir vekt på deira rolle som eit verktøy for omstilling mot lagutslepppssamfunnet. Det betyr at dei satsar meir på klima, teknologiutvikling og tidleg marknadsintroduksjon. Målet er grønare løysingar, og utsleppskutt til havs.

21. oktober arrangerer me eit webinar om dei ulike tilboda. Arrangementet vert sendt live via Teams, og er ope for alle våre klyngjepartnarar. Det er satt opp ein time kor Enova presenterer sine tilbod og eventuelt svarer på spørsmål frå deltakarane.

Program:

  • Velkommen v. NCE Maritime CleanTech
  • Enovas støtteprogram for maritim sektor:
    • Ny teknologi
    • Elektrifisering
    • Hydrogen
  • EUs innovasjonsfond
  • Spørsmål og svar

Meld deg på allereie no, og du vil få tilsendt ei lenkje kor du kan følgja webinaret. Har du spørsmål eller innspel til kva for tema Enova bør ta opp? Ta kontakt med prosjektkoordinator i Maritime CleanTech, Tonje Hovland (tonje@maritimecleantech.no).

Details

Date:
October 21
Time:
10:00–11:00
Event Category: