
- This event has passed.
Klyngeverkstad 2019
20th June 2019 at 12:00–21st June 2019 at 13:00
Event Navigation
Har du meldt deg på den årlege prosjektverkstaden i Rosendal? Ver rask – plassane fyllest opp!
I år kjem mellom anna Kongsberg Digital, Odfjell, Maersk og Carnival Maritime. Opningsinnlegga handlar om maritim digitalisering med grønt resultat. Deretter er det fleire spennande workshopar å velja mellom:
- Deep Sea mot lågkarbon
- Fornybar energi fra land til skip – bærekraftig infrastruktur
- Smart produksjonsteknologi
- Flytande hydrogen: frå ferje til offshore-fartøy
- Maritime operasjonar for offshore vind
- Grønt havbruk
Kva er behova, utfordringane og ikkje minst moglegheitene? I workshopane blir det arbeidd for å identifisera nye innovasjonsaktivitetar.
I tillegg er heile verkemiddelapparatet representert: Eksportkreditt, Enova, Forskingsrådet, Innovasjon Norge, Sustainable Energy-katapultsenter og NOx-fondet. Kluge advokatfirma tilbyr innleiande juridisk rådgiving.
Bestill tider til enkeltmøte med desse aktørane ved å Send e-post.
Grunnlaget for nye satsingar blir lagt i Rosendal!
Sjå fullt program her!
Pris: kr 3500. Dette inkluderer overnatting, lunsjar, middag, aktuelle føredrag og aktivitetar.
Registrer deg i lenka over for å vera sikra plass – førstemann til mølla får hotellrom!
Send e-post om de har spørsmål.
Klyngeverkstad Rosendal 2019 promo from NCE Maritime CleanTech on Vimeo.