- This event has passed.
Lansering av scenarioanalysen for næringslivet i Vestland
11th November 2020 at 12:00–14:00
Event Navigation
Kven vil overleve, kven vil aldri bli det samme og kven vil vere sterkare enn nokon sinne? Eit partnarskap av private og offentlege aktørar peikar på ulike vegar ut av Covid19. Dette vil du ikkje gå glipp av!
Ein partnarskap samansett av Vestland fylkeskommune, NHO, LO, KS, NAV, Bergen Næringsråd, Næringsalliansen i Hordaland, Sogn og Fjordane Næringsråd og Bergen kommune har gått saman om å få utarbeida ei scenarioanalyse for næringslivet i Vestland. Analysen er gjort av Ernst & Young i tett samarbeid med partnarane.
I over seks månadar har næringslivet i Vestland stått midt i ei krise som er ulik alle andre kriser vi har vore gjennom tidlegare. Planar og strategiar for 2020 og framover blei lagt til sides. Kampen står no om å posisjonere seg i marknaden, og for nokon om å overleve. Samstundes må vi ha eit auge på korleis verda vil sjå ut når vi kjem ut i andre enden.
Krisa har akselerert prosesser som alt var i gang, med netthandel, digitalisering og mindre reising utanlands. Samstundes har grøn omstilling blitt trekt fram som hjørnesteinen i gjenoppbygginga.
Men kva betyr dette heilt konkret for næringslivet i Vestland? Korleis skal vi vinne fram i konkurransen og ta vår plass i framtidas næringsliv? Og ikkje minst: kva barrierar står i vegen for at vi lukkast.
Det er begrensa tal plassar på kvart arrangement under det gjeldande smittevernregimet, så det lurt å melde seg på tidleg. Arrangementa vil også bli strømma.
Dette skjer på arrangementet
Til arrangementet kjem fleire sentrale personar frå nøkkelnæringar og -institusjonar. Dei skal kommentere funna og diskutere korleis offentleg sektor, næringslivet, akademia og forskingsmiljø kan løyse dei store samfunnsutfordringane som står føre oss. Dette gjeld mellom anna:
- Anne-Grete Sandtorv, dagleg leiar i Stord Næringsråd (moderator)
- Steinar Røgenes, konserndirektør EPCI i Kværner Stord
- Jane Jünger, kommunikasjonssjef i Wärtsila Norge
- Håvard Tvedte, direktør prosjektstyring i NCE Maritime CleanTech
- Maria B. Helsengreen, partner i EY
Bård Sandal, fylkesdirektør for innovasjon og næringsutvikling, er møteleiar.
Details
- Date:
- 11th November 2020
- Time:
-
12:00–14:00
- Event Categories:
- Promoted, Seminar
- Website:
- https://www.vestlandfylke.no/kalender/2020/lansering-av-scenarioanalysen-for-naringslivet-i-vestland---stord-11.-november/
Venue
- Stord Hotell
-
Kjøtteinsvegen 67
Stord, 5411 Norway + Google Map - View Venue Website
Related Events
-
Trade Mission: Green Maritime Technologies – US West Coast
3rd February 2025 at 08:00–7th February 2025 at 20:00