- This event has passed.
Marknadsdialog: Nullutslepps hurtigbåtar (1-1-videomøte)
4th May 2020–8th May 2020
Event Navigation
Trøndelag, Vestland og Troms og Finnmark fylkeskommune har etablert eit samarbeid som skal leggja til rette for vidare utvikling, bygging, pilotering og drift av utsleppsfrie hurtigbåtar innan 2024. Prosjektet byggjer på erfaringane i utviklingskontrakten for fremtidens hurtigbåt som vart ferdigstilt i september 2019, og fleire fylkeskommunar har signalisert at dei ønskjer å delta i satsinga.
I første omgang inviterer fylkeskommunane til marknadsdialog om kva løysingar som er tilgjengelege, korleis utviklingsløpet kan og bør organiserast og kva behov næringa har for å lukkast. Invitasjonen er publisert på Doffin/TED: https://www.doffin.no/Notice/Details/2020-386822.
Invitasjonen går til aktørar i heile verdikjeda: skipsdesignarar, operatørar, verft, systemintegratorar, energileverandørar, andre utstyrsleverandørar etc.
Det er sett av tid til videomøter frå og med 4. mai til og med 8. mai mellom kl 09.00 og kl. 16.00. Frist for påmelding til ein-til-ein møter og innlevering av innspelsnotat er 27. april kl. 16.00.
Details
- Start:
- 4th May 2020
- End:
- 8th May 2020
- Event Categories:
- Promoted, Public tenders
- Website:
- https://www.doffin.no/Notice/Details/2020-386822
Organiser
Related Events
-
Trade Mission: Green Maritime Technologies – US West Coast
3rd February 2025 at 08:00–7th February 2025 at 20:00