Loading Events

Back to all Events

Norske start-ups møter franske gigantar

October 15

Event Navigation

Innovasjon Norge og det fransk- norske handelskammer inviterer klyngebedrifter til å delta på det digitale eventet «Meet French Corporates» den 15. oktober for å møta franske gigantar innan havvind, havdata, smart og grøn shipping og ferjedrift.

Arrangementet vil finne stad under Smart & Clean Ocean Forum 13-17 oktober og foregå digitalt i begge land. Deltakarar frå Frankrike er bl.a Engie, Naval Group, Technip, Total, France Energie Eolienne, BNP Paribas, Cap Gemini, Schneider og EdF. Norske deltakere på B2B programmet blir også invitert til å delta på resten av forumet – sjå: https://www.innovasjonnorge.no/no/verktoy/eksport-og-internasjonal-satsing/landinfo/europa/frankrike/arrangementer/meet-french-corporates-at-smart-and-green-ocean-forum-digital-conference/

Kvifor bør du delta?

  • «Meet French corporates» gir norske start ups eit sjeldant høve til å eksponera sine løysingar for eit færehansplukka lag av franske selskap på eit nivå ein normalt ikkje ville få tilgang til. Bedriftene vil få ein introduksjon til fransk forretningskultur og et førebudd møte med dei franske bedriftene.

Kva inkluderer deltaking:

  • Profilering overfor franske marknadsleiarar og dedikert B2B program
  • Tilgang til fransk- norsk matchmaking
  • Gratis deltaking på heile forumet og tilgang til nettverksplattformen tir-fre ( verdi 3000, -). Høve til å delta on-site på BI om situasjonen tillater
  • Introduksjon til den franske marknaden (fransk forretningskultur og pitch-trening)

«Meet French corporates» har plass til ca 20 bedrifter. Innovasjon Norge vil gjere ein prioritering av bedriftene som melder si interesse via klynga. Desse vil motta ein rabattkode for å registrere seg på nettsida https://french-norwegian-e-forum-2020.b2match.io/.

Details

Date:
October 15
Event Categories:
,

Organiser

Innovasjon Norge