Loading Events

Back to all Events

  • This event has passed.

Utsleppsfrie hurtigbåtar: Kven tar rekninga?

March 13March 15

Event Navigation

Hurtigbåtar har vore klimaverstingar, men skal no bli klimavinnarar. Når kan me reisa utsleppsfritt med båt til Sogn og Hardanger? Med kva teknologi? Og ikkje minst: Kven tar rekninga? Maritime CleanTech og Initiativ Vest inviterer til hurtigbåtdebatt under Varmere Våtere Villere.

Verdas første utsleppsfrie hurtigbåt, «Medstraum», har gått i rute i Stavanger sidan 2022. I Vestland skal Askøyruta bli elektrisk i 2025. No jobbar fylkeskommunen og Skyss med nye anbod for rutene til Sogn og Nordfjord frå 2026 – og til Sunnhordland og Hardanger frå 2028.

Mens fylket planlegg nye anbod, manglar dei framleis avklaringar frå staten om handlingsrommet. Allereie i 2020 blei det varsla at nullutsleppskrav for hurtigbåtar skal innførast frå 2025, men forskrifta er endå ikkje banka gjennom, og også den statlege kompensasjonen er usikker. Samstundes er prosjektet «Framtidas hurtigbåt» sett på vent grunna manglande finansiering.

Kva må til for at utsleppsfrie hurtigbåtar i vestlandsfjordane skal gå frå visjon til realitet? Kva gjer fylkespolitikarane no – og kva draghjelp får dei frå staten?

Med:

  • Stian Davies, fylkesvaraordførar i Vestland (Ap)
  • Terje Søviknes, fylkesutvalsmedlem og 2. nestleiar (Frp)
  • Liv Kari Eskeland, stortingsrepresentant (H)
  • Lars Haltbrekken, stortingsrepresentant (SV)
  • Lars Inge Vågen, kommersiell direktør, Norled AS
  • Mathias Fischer, dagleg leiar, Initiativ Vest (ordstyrar)

Maritime CleanTech kan tilby rabatterte billettar til våre partnarar. Ta kontakt for meir informasjon: runar@maritimecleantech.no

Varmere Våtere Villere

Møteplassen for klima, kunnskap og kultur

Klimafestivalen Varmere Våtere Villere spring ut av ønsket om å gjera klimadebatten meir tilgjengeleg og engasjerande. Festivalen er ein uformell og sosial arena der akademia, sivilsamfunn, næringsliv, kulturliv og allmenta møtest for å dela kunnskap, meiningar og idear. Ein stad der ein diskuterer alt frå dei globale spørsmåla til dei mindre kvardagslege handlingane. På programmet finn du foredrag, samtalar, debattar, filmframsyningar, live show, workshops, forfattarsamtalar, kunstutstillingar og konsertar.

Les meir og sjå programmet: varmerevaterevillere.no

Details

Start:
March 13
End:
March 15
Event Category:
Website:
https://www.varmerevaterevillere.no/

Venue

Kulturhuset i Bergen
Vaskerelven 8
Bergen, 5094 Norway
+ Google Map
View Venue Website