NCE Maritime CleanTech er blant partnarane når aktørar frå Norge, Sverige og Danmark samlar krefter for å implementera landstraum i Norden.

Cruiseskip kan bruka over 3.000 liter diesel i timen medan dei ligg til kai. Foto: SHUTTERSTOCK

Prosjektet «On Shore Power Supply in the Nordic Region» fekk nyleg ein million kroner i støtte frå Nordic Innovation. Partnarar frå Norge, Sverige og Danmark skal laga ein mogelegheitsstudie for å kartleggja økonomi i oppstart og drift, tekniske løysingar og mogeleg miljøvinst.

NCE Maritime CleanTech representerer Noreg i prosjektet. Den danske bransjeorganisasjonen Danish Maritime har fått ansvaret for å koordinera prosjektet med oppstart 15. august, seinare i år. Powercon (DK), SSPA (SE), Danske Havne (DK), World Maritime University (SE) og Danfoss Drives (DK) er dei øvrige deltakarane i landstraumprosjektet.

– Aukande forureining og utslepp frå skipsfarten er eit stort problem og landstraumanlegg kan vera med på å kutta utslepp når skip ligg i hamnene. I sesongen kan til dømes eit cruiseskip som ligg til kai bruka over 3.000 liter diesel i timen. Mogelegheitsstudien har som mål å laga ein forretningsmodell som kan brukast av hamner, reiarlag, kraftlag, tilsynsorgan, byar og kommunar når dei skal vurdera å investera i landstraumanlegg. Partnarbedrifter i NCE Maritime CleanTech vil vera viktig referanse for oss i gjennomføringa av prosjektet, seier Marte Jensen, EU-rådgjevar i NCE Maritime CleanTech.

Prosjektet skal gå over eitt år. Målet er at kvart av deltakarlanda skal få sin mogelegheitsstudie skreddarsydd til seg.

Nordic Innovation har som mål å gjera Norden til ein banebrytande region for bærekraftig vekst og jobbar for å fremma entreprenørskap, innovasjon og konkurranseevna i nordisk næringsliv.

Contact:

Do you want more information about this project?

Send us an e-mail