Forum for Miljøteknologi og Maritime CleanTech West samla ei rekke fylkespolitikarar frå Hordaland, innkjøpsansvarlege i fylkeskommunen, nettverksorganisasjonar og andre interessenter til møte i Bergen d. 26. mars.

Det offentlege har ei særeiga rolle i arbeidet med utvikling og kommersialisering av miljøteknologi. Gjennom betydelege offentlege innkjøp kan staten leggja til rette for at meir miljøvenleg teknologi vert teken i bruk og anvendt som referanse for vår industri mot andre marknader. I drøftinga på møtet vart det av fleire trekt fram at innkjøpsregelverket gir muligheiter for miljøvenlege innkjøp, men  det er gjerne praktiseringa av regelverket som set avgrensingar. Her kan gjerne frykta for å trå feil hos dei innkjøpsansvarlege vera avgrensande for om ein velgjer å tenkja nytt i innkjøpsutlysinga.

Styreleiar i Maritime CleanTech West, Ingve Sørfonn, presenterte Folgefonn-prosjektet der ei gruppe næringsaktørar i MCTW no arbeider med å demonstrera fullskala batteridrift på ei av Norled sine ferje. Prosjektet er støtta av miljøteknologiordninga til Innovasjon Norge. Sørfonn peika på at miljøvenleg teknologi er eit område som er krevjande å utvikla kommersielt, då vedtaksprosessar og regelverk i stor grad er styrt av politiske styresmakter meir enn industrien og næringa. Manglande kjennskap på etterspørjarsida til ny grøn teknologi i marknaden er også ei utfordring, og kan vera til hinder for kommersialisering av denne teknologien.

MCTW ynskjer ein tettare dialog med det offentlege innkjøpsapparatet for å få fram meir miljøvenleg teknologi innan maritim sjøtransport. I samarbeid med Forum for Miljøteknologi vil MCTW arbeida vidare med dette temaet.