I samband med Stordkonferansen var Erna Solberg på Stord. Det vart då sett av tid til ein eigen presentasjon av MCTW for  Høgre-leiaren. Frå MCTW møtte prosjektleiar Hege Økland og dagleg leiar i Polytec, Gunnar Birkeland.  Solberg var interessert i klyngesamarbeidet som skjer i MCTW, og særleg vart demonstrasjonsprosjektet, Folgefonn, her trekt fram. Eit anna viktig tema i vår presentasjon var potensiale for å auka marknaden for miljøteknologi gjennom offentlege innkjøp. Solberg var samd i at her må det offentlege bli meir besvisst si rolle som miljøvenleg, krevjande kunde.

Jakob Bjelland frå Wärtsilä presenterte arbeidet som blir gjort av industrien på Stord med oppretting av teknisk fagskule og ingeniørutdanning for eigne tilsette. Rektor ved Høgskulen Stord/Hagesund, Liv Reidun Grimstvedt, deltok også på møtet og understreka at høgskulen er oppteken av å vera ein kompetanseleverandør til den regionale industrien.