Maritime CleanTech samla sine deltakarverksemder til to innhaldsrike dagar på Bekkjarvik Gjestgiveri 13.og 14. september for å utvikla ein felles strategisk plattform for klyngesamarbeidet. Bakgrunnen for samlinga var bl.a. at deltakarantalet i MCTW er meir enn dobla sidan organisasjonen vart etablert for ca 18 månader sidan, og klynga står overfor ei rekke interessante og spennande utfordringar.
På samlinga vart perspektiv og ambisjonar for klyngesamarbeidet drøfta, og ein fekk fleire gode dømer på kvifor klyngesamarbeid er viktig. Nokon av våre sentrale samarbeidspartnarar var invitert til møtet, bl.a. Erik Dyrkoren frå Maritim21, som i sitt innlegg såg nærmare på MCTW i ein meir overordna næringspolitisk samanheng. Hallgeir Isdahl, sjefsøkonom i Sparebanken Vest, gav også ei analyse av dei finansielle rammevilkåra for klynga. Fjellstrand var ei av verksemdene som stod bak opprettinga av MCTW, og adm.dir. Nils Aadland gav konkrete eksempel på kva Fjellstrand har fått ut av klyngesamarbeidet så langt. Styreleiar i Austevoll Næringsråd, Tore Dalseide, var invitert til å fortella kvifor ein lukkast med eit meir uformelt klyngesamarbeid på Austevoll, og kva gevinstar ein har fått ut av dette.
Gjennom gruppearbeid og diskusjonar vart fleire sentrale tema drøfta, og etter dag 2, var det enighet om å gå vidare med både konkrete utviklignsprosjekt og nye ressursgrupper.