Klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H) møtte fleire representantar frå vår maritime klynge på møtet Grønn Agenda i Haugesund d.13. mai. Næringa gav ein eintydleg bodskap om at større miljøkrav må til for å auka etterspørselen etter energieffektive og miljøvenlege løysingar.

Miljø- og klimaministeren inviterte den maritime næringa til å gi innspel på korleis ein skal få til reduserte utslepp og eit skifte mot meir miljøvenlege løysingar. Større vektlegging av miljøkrav i offentlege anbod, strengare og forutsigbare utsleppskrav og eit kontraktsregime som premierer lågt drivstoff-forbruk var tiltak som vart lagt fram frå næringa for å auka etterspørselen etter miljøteknologi i maritim sektor.

Vår maritime klynge har vist evne til å ta eit aktivt leiarskap for å utvikle og fremje ny, energieffektiv miljøteknologi, samt bidra til ei omstilling i næringa. MCTW har i  sine møter med både riks- og lokalpolitiakarar fremja bodskapen om at politikarane må vera bevisst si rolle med å skapa større etterspurnad etter miljøteknologi. Verkemidla kan vera i form av både “pisk” og “gulrot” – dvs finansielle incitament og utsleppsreguleringar. Aktuelle incitament er NOx-fondet og Miljøteknologiordninga. Strengare utsleppskrav frå oljeselskapa vart etterlyst. Næringa ønskjer å bli stilt krav til!

Deltakarar i panelet var f.v: Synnøve Seglem (viseadm.dir. Knutsen OAS), Hege Økland (prosjektleiar MCTW), Tor Mikal Østervold (direktør Ecosubsea), Tine Sundtoft (Miljø- og klimaminister), Erik Aasheim (debattleiar), Vermund Hjelland (Vice president Eidesvik), Frank Wilhelm Arnesen (Vice president procurement Norway, Statoil) og Eivind Dale (DNV GL).