15. og 16. september vert Ocean Talent Camp Vest arrangert på Amalie Skram videregående skole i Bergen. Arrangementet er eit samarbeid mellom Ocean Talent Camp og dei “blå” næringsklyngene i regionen; NCE Seafood, GCE Subsea, NCE Maritim CleanTech og Maritimt Forum. Her får 10. klassar og elevar på vidaregåande skular frå hele regionen møta den havbaserte næringa.
Ocean Talent Camp er ein møteplass for ungdom som står overfor viktige utdannings- og yrkesval. Her får ungdommen møta rollemodellar frå næringa og læra meir om kva som skjer i havnæringane.
Det er første gang Ocean Talent Camp vert arrangert på sørvestlandet, men Ocean Talent Camp er eit godt gjennomarbeidd og uttesta konsept som har vore gjennomført i Oslo og i Ålesund.
I dei to dagane arrangementet pågår er det eit tettpakka program der både elevar og lærarar får bl.a. høyra foredrag frå ulike leiarar i næringa og møta representantar frå næringa på stands.
NCE Maritime CleanTech representerte våre klyngedeltakarar, og viste ulike prosjekt som våre bedrifter arbeider med. Batteriferja Ampere fekk sjølvsagt mykje merksemd frå ungdommane, og det er tydeleg at næringa sitt arbeid med å redusera klimautsleppa appelerer til dei unge talenta.