Meir ambisiøse miljø- og klimakrav i offentlege innkjøp var eit sentralt bodskap frå industrirepresentantane som møtte finanspolitisk talsmann og nestleiar i Venstre, Terje Breivik, onsdag 20. januar.

Terje Breivik og Fylkestingrepresentantane Anne Beth Njærheim og Geir Angeltveit som alle representerer Venstre møtte leiinga frå Fjellstrand, Eidesvik, Wartsila Norway, Servogear og Kværner saman med leiinga i NCE Maritime CleanTech.

Vår klynge risikerer kompetanseflukt som følgje av dei dramatiske nedskjeringane som no skjer i heile vår petromaritime klynge. Ei rekke konkrete tiltak vart lagt fram for å skapa meiraktivitet og hindra kompetanseflukt og tilbakeslag i teknologiutviklinga.

Lengre permitteringstid og eit meir fleksibelt verkemiddelapparat

Industrileiarane peika på at det norske verkemiddelapparatet er sentralt for at industrien skal vera i stand til å ta kostnader og risiko i utvikling av miljøteknologiske løysingar. Eit verkemiddelapparat som kan gi ein høgare støtteandel til utviklingsprosjekt er også viktig i nedgangstidene og det vart her vist til EU som i mange program har mykje høgare støtteandel til utviklingsprosjekt. Industrien var også samrøystes i sitt ønskje om å utvida permitteringstida frå 30 til 52 veker.

Grøn omstilling kan skapa meir aktivitet i industrien

– Det er svært viktig at det vert sett igong tiltak frå det offentlege som kan stimulera til meir klimavenlege løysingar, samt skapa aktivitet i leverandør- og verftsindustrien no, var eit felles bodskap frå klyngedeltakarane til Venstre-politikarane. Døme på dette er å følgja opp Stortinget sitt vedtak om innføring av låg- og nullutslepp på ferjer og hurtigbåtar, og oppfølging av den Maritime Strategien til Regjeringa som fornying av fraktefartøysflåten og elektrifisering av hamner.  I sum vil desse tiltaka skapa aktivitet i industrien samt bidra til at Norge kan nå sine målsetnader om reduksjon av klimagassutslepp.

Behov for verkemiddelprogram som kan investera og støtta testsenter

Som følgje av meir komplekse løysningar, strengare krav til funksjonalitet og kvalitet, samt auka konkurranse må innovasjonsevna til bedriftene styrkast gjennom lettare tilgang til testfasilitetar. Dette vil muliggjera raskare og rimelegare innovasjonsprosjekt og tidlegare marknadslansering. Alt i alt vil dette forsterka vår klynge si konkurranseevne. Dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech peika på at det finnes mykje testfasilitetar, men dette må koordinerast og forsterkast dersom vår klynge og vår maritime industri skal vidareføra og forsterka sin innovasjonsaktivitet innan energieffektive og klimavenlegeløysingar.

Terje Breivik lova å følgja opp innspela, og NCE Maritime CleanTech vil fortsetja sin tette dialog med politikarane.