Apply Leirvik er nyaste medlem i klynga. No ser dei nye moglegheiter i samarbeidet vårt, som i alt tel 55 ulike deltakarar.

Apply Leirvik på Stord driv hovudsakleg med bygging av bustadkvarter, helikopterdekk og offshore vedlikehald. 340 faste tilsette jobbar med engineering og fabrikasjon, samt administrasjon.

I fjor fekk Apply Leirvik si største kontrakt noko sinne for å bygga bustadkvarter på Johan Sverdrup, men i usikre tider for kjerneverksemda deira ser dei etter fleire moglegheiter og trur klyngesamarbeidet kan bidra positivt til å utvikla bedrifta vidare.


Illustrasjon av bustadkvarter til Johan Sverdrup (Apply Leirvik)

55 deltakarar er med i klynga
NCE Maritime CleanTech omfattar no deltakarar frå 55 ulike verksemder. Dei fleste høyrer til langs kysten frå Stavanger til Bergen, og blant deltakarane er det verft, reiarlag, underleverandørar, forskingsmiljø, offentlege aktørar og kraftselskap. Felles er interessa for å utvikla energieffektive løysingar og miljøteknologi for ei verdsleiande maritim næring.