Det blei ei innhaldsrik veke på SMM Hamburg. Me stilte med fellesstand for klynga vår, og mange ville læra meir om våre klima- og miljøvenlege løysingar.
Saman med seks deltakarverksemder (Bostek, Fjellstrand, Norwegian Electric Systems, PBES, Servogear og Westcon) deltok me på SMM Hamburg sist veke.
Mange gjester nytta sjansen til å besøka oss på stand i den nye messehallen med “Green propulsion” som tema.
Glade vertar klare for å svara på spørsmål frå nysgjerrige besøkande.
Det var aktivt på stand A5.199. Visittkort blei utveksla og nye kontaktar etablert. Også fleire journalistar var innom for å skriva om våre grøne løysingar for maritim sektor. Les mellom anna artikkel i Skipsrevyen.
Verdas første batterdrivne ferje, MS Ampere, var også med oss til Hamburg.
Jan Olaf Willums frå klyngedeltakar ZEM besøkte standen vår. ZEM fekk heiderleg omtale for å ha levert batteripakken til “Ship of the year” som blei delt ut på SMM. I Teknisk ukeblad utfordra me cruisenæringa til å læra av årets skip.
På skjerm viste me fram dei teknologiske moglegheitene i klynga vår, her er Urban Water Shuttle på lydlaus ferd i ein storby (nær deg snart?).
Etter lange dagar på verdas største messe var det greitt å setja seg ned for å oppsummera erfaringane. Her er Frode Skaar (Westcon) saman med Hege Økland og Håvard Tvedte (begge frå NCE MCT-administrasjonen).