Sør-Trøndelag fylkeskommune og Nasjonalt program for leverandørutvikling inviterer til dialogkonferanse om utviklingskontrakt for framtidas hurtigbåt måndag 29. mai kl. 09:30 – 17:00, på Scandic Hotell Hell, Værnes.
Trøndelag fylke ynskjer å starte opp ein utviklingskontrakt frå hausten 2017 med målsetting om å bidra til å kunne stilla krav om nullutslepp på hurtigbåtsamband i anbodsutlysingar frå 2020.
Sambanda
Trøndelag fylkeskommune har tre større hurtigbåtsamband som i perioden frå 2020 til 2024 skal ut på nye anbod. Disse tre sambanda er Trondheim – Brekstad – Sandstad – Kristiansund [TK], Trondheim – Vanvikan [TV] og Namsos – Rørvik – Leka [NR].
Fylkeskommunen vil i aktivt samarbeid med reiarlag, verft, tekniske leverandørar, FOU-miljø og offentlege aktørar m.fl. jobba for å finna fram til ein eller fleire måtar å erstatta dagens dieseldrivne hurtigbåtar med båtar drive av nullutsleppsløysingar som f.eks. hydrogen eller batteri.