Samarbeid med utdannings- institusjonar i regionen er ein viktig del av NCE Maritime CleanTech sitt arbeid. I fjor haust inviterte klynga studentar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) i Bergen og Haugesund til å skrive bacheloroppgåver relatert til tema som klynga og medlemsbedriftene jobbar med. Dette resulterte i fem spesialbestilte oppgåver, der Ivan Østvik i klyngeadministrasjonen har vore ekstern rettleiar og sensor.
Studentane har gjort mykje godt arbeid, og klynga har fått både idéar og konkrete resultat som det kan jobbast vidare med. Bedrifter som har idéar og ynskjer om å etablera eit samarbeid med studentgrupper til hausten, kan ta kontakt med administrasjonen i NCE MCT. Det er også mogleg for bedriftene å ta direkte kontakt med HVL, og me kan anbefala på det sterkaste å nytta dette som ein ressurs i utviklingsarbeidet.
Oppgåvene som studentane no har ferdigstilt og presentert er:
Miljøvenleg pendelferje
Studentane utvikla ei pendelferge for 40 passasjar for bruk i bysamfunn. Dette prosjektet vann pris som eit av dei beste prosjekta på HVL Bergen. Biletet nedanfor viser studentane med deira båtmodell, som har blitt motsandstesta i slepetanken på Kronstad. NCE MCT vurderer å nytta delar av dette arbeidet vidare i samband med utvikling av ein «sjøgåande bytaxi» som eit av våre innovasjonsprosjekt.
Bruk av solceller på bulkskip
Oppgåva analyserte bruk av solceller på eit av Misje Rederi sine bulkskip, og konkluderer med at solcellesystemet kan levera ca. 4% av energiforbruket om bord ved bruk av tynnfilmteknologi. Vår nye klyngemedlem Solbære AS har samarbeida tett med studentane med å utvikle løysingane.
Bruk av vindteknologi på bulkskip
Oppgåva analyserte bruk av vindteknologi på eit av Misje Rederi sine bulkskip gjennom bruk av vinddata frå UiB og Metrologisk Institutt. Her har studentane nådd konklusjonen at ståande kolonnar (Flettner rotor) er den beste løysinga, og at denne bidrar direkte til framdrift på lik linje med vindsegl. Studentane har analysert ei rute mellom Norge og kontinentet, der vind i gunstige periodar kan bidra med ca. 7% av energiforbruket om bord. Vertikale vindturbinar er vurdert som den beste teknologien for straumproduksjon om bord, med eit bidrag på ca. 3% av det totale forbruket. Vindsegl har ikkje blitt vurdert i oppgåva.
Bruk av solceller og vindteknologi på «Short Sea Pioneer»
Med utgangspunkt i klyngekonseptet «Short Sea Pioneer» har studentane gjort ei brei samanlikning, og vurdert at vindsegl i gunstige periodar har en overlegen effekt i forhold til andre sol- og vindteknologiar. Det er ein del praktiske utfordringar knytt til bruk av vindsegl om bord, men potensialet er synleggjort.
Hydrogenferje
Studentane har utvikla eit konsept for ei hydrogenferje, med utgangspunkt i ei diesel-driven Norled ferje. Ulike hybride konstellasjonar er vurdert, og eit system med ein liten overvekt av batteri versus brenselceller er anbefalt. Fylling av hydrogen i gassform frå tankbil er anbefalt løysing, saman med induktiv ladning. Oppgåva har også gjort en teoristudie på ulike teknologiar innan hydrogenlagring og brenselceller.