NCE Maritime Clean Tech har fått tildelt midlar både til nye innovasjonsprosjekt, og til ein intern EU-rådgjevar for klyngesamarbeidet.

I haust utlyste Innovasjon Norge 10 millionar kroner til samarbeidsbaserte innovasjonsprosjekt i klyngene gjennom «Innovasjonsrammen». NCE Maritime CleanTech er no tildelt 1,5 millionar kroner gjennom denne ordninga.

–   Dette er svært gode nyhende for klynga og medlemmene våre. Tildelinga viser at det gode og langsiktige arbeidet me har gjort for å fremja grøn teknologi i den maritime marknaden blir lagt merke til, og at Innovasjon Norge har stor tru på kompetansen og innovasjonspotensialet til klynga, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

Midlar til tidlegfaseprosjekt i klyngebedriftene
Målet med Innovasjonsrammen er å stimulera bedrifter i klynga til å samarbeida om å utvikle idéar om nye innovasjonsprosjekt. Dette kan omfatta innovasjonar knytt til produkt, tenester, produksjonsprosessar, forretningsmodeller eller marknader. Støtta frå Innovasjonsrammen skal bidra til å utvikla ein prosjektide fram til eit prosjektforslag som er modent nok til å kunne bli finansiert frå bedriftene sjølv eller med risikofinansiering frå verkemiddelapparatet.  Det er NCE Maritime CleanTech sjølv som står for sjølve prioriteringa av eigne prosjekt innanfor tildelt ramme

Tildeling av intern EU-rådgjevar
I ei anna utlysing i vår søkte NCE Maritime CleanTech om finansiering til ein intern EU-rådgivar i klynga. Denne søknaden er no innvilga, og klynga vil få denne kompetansen på plass i august 2017.

Formålet til EU-rådgjevaren vil vera å auka og fremja deltaking av klynga sine bedriftsmedlemmar i EU-programmet Horisont 2020. Horisont 2020 er verdas største forskings- og innovasjonsprogram med 80 milliardar euro fordelt på sju år. Norske bedrifter og forskingsmiljø kan søka om prosjektfinansiering på linje med kollegaer og konkurrentar i andre europeiske land.

EU-rådgjevaren vil ha spesialkompetanse på EU og vera i stand til å gi råd på strategisk nivå.  Kontrakten har ein varigheit på to år, og vert så evaluert for ei eventuell fornying.

–   EU-rådgjevaren blir heilt klart ein viktig ressurs for medlemmane våre. Stillinga vil jobba tett med klynga og bedriftene for å identifisera relevante programmer og utlysingar,  og gi konkret hjelp til søkeprosessen, seier Økland.