Smarte og grøne hurtigbåtar, elektriske shuttlebåtar som erstatning for cruisebåtar i fjordane, autonome undervassfartøy og nye IT-system som reduserer behov for bemanning. Det var berre nokre av idéane som vart diskutert under klyngeverkstaden i Rosendal.
I slutten av august samla over 60 klyngemedlemmar i NCE Maritime CleanTech seg i Rosendal for å få inspirasjon til å tenka grønare og smartare, og får å sjå på moglegheitene for nye innovasjonsprosjekt i klynga. Tema for samlinga var «smart og grøn vekst».
– «Smart» og «grøn» er to omgrep som er knytt tett saman: Teknologisk innovasjon og smarte lågutsleppsløysingar kan skapa nye moglegheiter for vekst, fleire arbeidsplassar og auka overskot. Dette kom tydeleg fram i diskusjonane våre under samlinga, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.
-Tillit er eit viktig kriterium
Digitalisering var eit av temaa på samlinga, og Andrea Morgante frå Wärtsilä og Tor Skeie frå Palantir delte sine syn på moglegheiter og fallgruver innanfor nye teknologiar. Begge viste til korleis digitalisering og bruk av «big data» kan effektivisere bedriftene, for eksempel gjennom automatisering av drift, og optimalisering av mannskap, flåte og vedlikehaldsarbeid.
Morgante peika også på at tillit er eit viktig kriterium for at dei nye teknologiane skal kunne utnyttast best mogleg.
– Tillit er kanskje den viktigaste valutaen innanfor digitalisering. Me treng alliansar der aktørar som vanlegvis ikkje snakkar saman, til dømes hamner og skip, bli einige om å dela informasjon.
Eit anna viktig poeng var at digitale teknologiar set krav til ny kompetanse.
– Å berre ha gode IT-kunnskapar er ikkje nok lengre. Me treng IT-proffar med solid innsikt i forretningsdrifta, sa Skeie.
Stort engasjement rundt nye idéar
Hovuddelen av samlinga var via interaktive workshopar, der deltakarane i grupper diskuterte nye smarte og grøne løysingar innan cruiseturisme, energisystem, hurtigbåtar, produksjon, logistikk og havbruk. Deltakarane kom også med konkrete idear til nye innovasjonsprosjekt og aksjonar som klynga og medlemmane no skal jobba vidare med.
Ein rapport som summerer opp arbeidet som vart gjort i gruppene er under utarbeiding, og vil bli lagt ut på nettsida vår om kort tid. Aksjonane og prosjektideane som kom fram vil bli tatt vidare i ulike delprosjekt i klynga
– Det var kjekt å sjå det store engasjementet medlemmane våre la ned i diskusjonane. Slike workshopar gir mykje inspirasjon til klynga og medlemmane sitt vidare innovasjonsarbeid, og det blir spanande å sjå kva prosjekt som vert realisert som følgje av samlinga, seier Økland.
Presentasjonar frå samlinga:
- Velkommen – Introduksjon av årets program og status sidan sist, Hege Økland, NCE Maritime CleanTech
- Større og sterkare gjennom fusjon – Svein Erik Isaksen, SolstadFarstad
- Digitale fallgruver og muligheiter – Tor Skeie, Palantir
- Smarte og grøne energisystem – Ingve Sørfonn, Wärtsilä og Asbjørn Tverdal, Haugaland Kraft
- Tiltak for å redusera utslepp frå cruiseskip – Bjørn Reppe, Sjøfartsdirektoratet
- Neste generasjons grøne og smarte hurtigbåt – Erik Ianssen, Selfa Arctic
- Sjøtransporten si rolle i framtidas logistikkssystem – Gerdt Meyer, Kuehne+Nagel
- Berekraftig havbruk – NCE Seafood Innovation, Björgólfur Hávarðsson
- Korleis kan klynga styrka bedrifter sitt internasjonale arbeid? Kristianne Paasche og Torunn Aas Taraldrud, Innovasjon Norge
- Marknadsmuligheiter i Singapore – Per Christer Lund, Innovasjon Norge