NCE Maritime CleanTech er ein av ni søkarar som er vidare til finalen i Norsk Katapult med sitt maritime fleirbrukssenter SMIA. – SMIA vil bidra til å akselerera innovasjonsprosessen innanfor områder som er sentrale for det grøne skiftet, seier dagleg leiar i klynga, Hege Økland. 

Som eit svar på industrien sitt aukande behov for å testa, simulera og visualisera produkta, tenestene og løysingane sine har NCE Maritime CleanTech (NCE MCT) over lengre tid arbeidd med eit prosjekt for eit maritimt fleirbrukssenter. Senteret har fått namnet  Sustainable Marine Innovation Arena (SMIA).

Prosjektet ynskjer å samla eksisterande testinfrastruktur i eit overbyggande selskap, og gjennom dette selskapet gjera utstyr, fasilitetar og kompetanse tilgjengeleg for leie for industrien. Slik skal senteret stimulera til meir og raskare innovasjon, samt utvikling og deling av kompetanse.

–   SMIA vil bidra til å akselerera innovasjonsprosessen innanfor områder som er sentrale for det grøne skiftet.  Leverandørmiljø innan transport og energiproduksjon (til dømes sol, vasskraftverk og vindenergi) vil ha behov for testing og verifisering av generatorar og kraftelektronikk, og dette vil SMIA kunne tilby gjennom sine testsenter, seier dagleg leiar i NCE MCT, Hege Økland.

Viktig for framtidig verdiskaping
Klynga søkjer no Siva-ordninga Norsk Katapult om støtte til oppretting av eit slikt senter. På eigarsida er fleire klyngebedrifter, BTO, NCE MCT og GCE Subsea. SMIA er også nært knytt mot forskings- og utdanningsmiljø, kor Universitetet i Bergen (UiB), Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Norges Handelshøyskole (NHH) har ei sentral rolle.

Blant 38 søkarar er NCE MCT ein av ni søkarar som no er vidare til finalerunden i ordninga.

–   At NCE  MCT ein av dei ni som er vidare til finalerunden er ei viktig anerkjenning av arbeidet vårt og den sterke posisjonen klynga har innanfor den maritime industrien. Dei norske havnæringane har stort potensiale til å skape både fleire jobbar og verdiar, og tilgang til fysisk infrastruktur for utvikling og innovasjon er av stor strategisk viktigheit for den framtidige verdiskapinga i næringane, seier Økland.

Vil bidra til raskare utvikling
Norsk katapult er ei ordning som skal bidra til etablering og utvikling av nasjonale simulering, visualisering og testsenter til nytte for norsk næringsliv. I sentra skal bedrifter kunna testa, simulera og visualisera teknologiar, komponentar, produkt, løysingar, tenester og prosessar. Katapultsentra skal bidra til raskare utvikling og gjere norske bedrifter meir konkurransedyktige internasjonalt.

Nærings- og fiskeridepartementet har løyva 50 millionar kroner til ordninga for 2017. Forventninga er ordninga vil gi moglegheit for oppretting 1-3 senter, og endeleg vedtak og tildeling skjer 20. oktober.