NCE Maritime CleanTech har fått mange gode søknader frå bedrifter som ynskjer støtte frå Innovasjonsrammen til felles forsking- og utviklingsprosjekt. – Det er høg innovasjonsaktivitet i klynga vår, og den store interessa er eit godt bilete på det, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.
Tidlegare i år vart NCE Maritime CleanTech tildelt 1,5 millionar til tidlegfase-prosjekt i klynga gjennom Innovasjon Norge si ordning «Innovasjonsrammen». No skal midlane delast ut til nye innovasjonsprosjekt i klynga.
– Me har fått inn mange gode søknader innan nye fartøykonsept og nullutsleppsløysingar, noko som viser styrken i innovasjonsarbeidet til klyngebedriftene våre. Den store interessa viser også at ei slik innovasjonsramme er viktig for å raskt kunne køyre i gang nye innovasjons- og samarbeidsprosjekt, seier Økland.
Raskare igangsetting av prosjekt
Målet med Innovasjonsrammen er å stimulera klyngebedriftene til å samarbeida om å utvikla idear om nye innovasjonsprosjekt. Dette kan omfatta innovasjonar knytt til produkt, tenester, produksjonsprosessar, forretningsmodellar eller marknader. Støtta frå Innovasjonsrammen skal gå til såkalla tidlegfase-prosjekt, og bidra til å utvikla ein prosjektide fram til eit prosjektforslag som er modent nok til å kunna bli finansiert frå bedriftene sjølv eller med risikofinansiering frå verkemiddelapparatet.
Klynga har sett som kriterium at minst to av søkarane i prosjektet skal vera partnar eller medlem av NCE Maritime CleanTech.
– Innovasjonsrammen skal gjera vegen for bedriftene til å få støtte kortare. Dette har ein løyst ved å la bedriftene gå direkte mot klyngeorganisasjonen sin som har fagleg innsikt og kjenner bedriftene frå før. Ramma gir oss moglegheit til å bruka innsikta vår i medlemsbedriftene til raskare å bidra til at prosjekt vert sett i gong, seier Økland.
Det er styret i NCE MCT som vel ut kva prosjekt som skal få støtte. Korleis midlane skal fordelast vert avgjort i neste styremøte 5. oktober.