Gjennom å tenka grønare, smartare og meir nyskapande skal NCE Maritime CleanTech utvikla neste generasjons hydrogendrivne hurtigbåt.

Prosjektet skal sjå på alle innovasjonsområda innanfor neste generasjons hurtigbåt; navigasjonssystem, interaksjon mellom skip og hamn, logistikk, digitalisering, framdriftssystem og bruk av hydrogen brenselceller.

–   Frå 2020 vil det komma fleire nye utlysingar av hurtigbåtruter, og ein forventar at desse har strengare krav til nullutsleppsteknologi. Målsettinga for NCE MCT sitt nyaste utviklingsprosjekt er å posisjonera klyngemedlemmene til å vera konkurransedyktige opp mot desse anboda. Vidare vil denne teknologien vera relevant for ei rekkje andre hurtiggåande fartøytypar, seier dagleg leiar, Hege Økland.

Kompetanse frå heile den maritime verdikjeda
Prosjektet blir gjennomført som eit klyngeprosjekt, der alle bedrifter og forskingsmiljø i klynga no blir inviterte inn som deltakarar. Administrasjonen i NCE Maritime CleanTech bidrar med koordinering.

–   Me har som klynge god erfaring med denne type konseptutvikling frå både Urban Water Shuttle og Short Sea Pioneer, og har difor stor tru på at me vil lykkast med utviklinga av ein smart og grøn hurtigbåt, seier Økland.

I prosjektet trengs kompetanse frå heile den maritime verdikjeda. Klynga oppmodar difor klyngebedrifter og forskingsmiljø med følgjande teknologikompetanse om å melda si interesse.

  • Fartøydesign
  • Skrog-optimalisering og motstand
  • Kontrollsystem, foilar
  • Material
  • Propulsjonsløysingar
  • Energisystem basert på hydrogen brenselcelle
  • Automatisering
  • Digitale løysingar
  • Logistikk/operasjonar

Prosjektleiar hos NCE MCT vert Pål G. Eide, tlf. 908 62 095, e-post: paal@maritimecleantech.no.