Dagleg leiar hos den nye klyngepartnaren Selfa Artic, Erik Ianssen, hadde som mål å laga verdas fyrste, elektriske fiskebåt. Den er sjøsett. No står resten av skipsfarten for tur.
NCE Maritime CleanTech sin nyaste medlem er Selfa Arctic (selfa.no). Den tradisjonsrike verksemda frå Trondheim har spesialisert seg på nybygg, ombyggingar, reparasjonar og vedlikehald av fiskeskøyter heilt frå 70-talet. Dagleg leiar Erik Ianssen er kjend for sitt klimaengasjement.
– Bølgja av ny teknologi let seg ikkje stoppa. Noreg har trass alt skrive under på at me skal redusera utsleppa av CO2 med 40 prosent innan 2030. Rammevilkåra er blitt betre berre dei siste par åra, men motkreftene er sterke. Me må fortsetja å jobba hardt for ei berekraftig utvikling, sektor for sektor, seier han.
Verdas fyrste elektriske fiskebåt
At omstilling er mogleg, har Selfa Arctic bevist både med eigen verksemd og med produkta dei sel. I 2008 fekk dei nok av festtalane.
– Då bestemte me oss for å gjera verksemda vår utsleppsfri. Når me heiser båtar, køyrer bilar eller varmar opp husa våre, så har me null CO2-utslepp. Då bestemte me oss for å byggja klimavennlege produkt og, noko som resulterte i sjarken «Karoline».
Verdas fyrste elektriske fiskebåt har fått mykje merksemd etter at ho vart sjøsett for to år sidan, med batteridrift og med eit dieselaggregat i back-up.
– Dei sa det var umogleg. Difor fekk me inga støtte til bygginga av fartøyet. No nærmar me oss serietilverking, fortel Ianssen.
– Betre og billegare teknologi
Teknologioptimisten Erik Ianssen fortel at han ikkje nyttar omgrepet «grønt skifte» lenger. Det høyrest så dyrt ut. Det er rett og slett eit skifte til ein mykje betre og billigare teknologi. Og teknologileverandørane må vise styremaktene kva som er mogleg.
– Eg nyttar ofte «Tonstads tese». Den seier at det er to hovudfaktorar som skal til for å få til eit teknologiskifte. Det eine er offentlege ramme- og innkjøpsvilkår og det andre er innovative teknologiverksemder, lik dei NCE MCT representerer. Med dei to faktorane på plass, er det gode moglegheiter for at resten ordnar seg sjølv, trur Ianssen.
– Ein katalysator
I klynga er Ianssen engasjert i gruppa som arbeider med politiske sakar som er viktige for verksemdene – og i gruppa som arbeider med konseptutvikling for neste generasjons hurtigbåtar.
– Eg ser fram til å samarbeida med NCE MCT og selskapa i klynga. Det å snakke saman høyrest sjølvsagt ut, men det er ikkje alltid så lett i praksis. Klynga fungerer som ein katalysator og ser ut til å ha gode måtar å jobba på. Den er profesjonelt leidd og veit kva den held på med. Eg kunne faktisk tenkt meg at klynga dekka ein enda større del av landet, men det skal ikkje eg blande meg borti, seier han smilande.
– Dei sa det var umogleg
Ianssen gler seg stort over alt som skjer i maritim industri om dagen. Men han er endå meir oppteken av det som skjer framover.
– Ferjesektoren har allereie snudd, og hurtigbåtmarknaden er i ferd med å snu. Oppdrettsfartøy tar nok eit år til. Fiskebåtar tar endå lengre tid, ettersom styremaktene framleis subsidierer dieselen med 2,50 kroner literen.
Eit anna område Selfa-direktøren er sterkt engasjert i for tida, er cruisefarten.
– I samband med nasjonalparkane våre er det store diskusjonar om ein skal gi løyve til å sykle i tillegg til å gå, men i våre langt meir verneverdige fjordar kan du køyre dei verste klimabombene utan nokon hindringar. Det har engasjert meg i mange år, seier han.
Engasjementet hans kom tydeleg fram på klyngeverkstaden i Rosendal. Her vart debattane så heite at Ianssen måtte ut og skifta skjorte.
– Eg let meg rive med litt mykje nokon gongar, medgjev han. – Den gongen lét eg meg provosera av at Sjøfartsdirektoratet la lista så lågt for vernet av fjordane våre, seier han.
No for tida har Hurtigruta største fokus. Den sektoren meiner Ianssen er enklare å snu, då styremaktene bestemmer alt.
– Det er kult å jobbe med prototypar som «Karoline», men viktigare å jobbe med omstilling av ein heil sektor. Endringane kjem ikkje av seg sjølve. Difor treng me organisasjonar som Maritime CleanTech, seier han.