Det er stor interesse for klynga sine aktivitetar for tida. På styremøtet i oktober vart tre nye medlemssøknader godkjend, og me kan no ynskja Multi Solutions, Marine Design and Consulting og Selfa Arctic velkommen i klynga.
-Det er tydeleg at bedriftene ser verdien av å delta i klyngesamarbeidet vårt, og at klynga er eit effektivt verktøy for å styrke innovasjonskrafta både hos den enkelte bedrift og i regionen. Berre i år har me fått 12 nye medlemmer, og det er no totalt 71 bedrifter i klynga, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.
Multi Solutions
Multi Solutions AS har hovudkontor på Husnes og er leverandør av produkt og tenester for øko-reinsing av overflater og system om bord på skip og riggar. Selskapet tilbyr eit miljøvenleg alternativ til overflatereinsing og reinsing av lukka røyrsystem. Produkta til selskapet er patentert og godkjent av Statoil gjennom HQNF-systemet. Selskapet har fire tilsette.
Marine Design and Consulting
Marine Design and Consulting AS (MDC) har hovudkontor i Knarrevik utanfor Bergen. Bedrifta sine hovudaktivitetar er skipsdesign og engineering til kundar over heile verda. MDC tilbyr eit bredt spekter av design og engineeringstenester for alle skipstypar (cargo, roro, bulk, OSV, passasjerbåtar, havbruksfartøy etc.), frå konseptdesign og skipsleveranse til vedlikehald. Bedrifta har kompetanse innan analysar og studiar knytt til bygging- og konverteringskostnadar og LCC-analysar, med fokus på lågutslepp og miljøløysingar. Selskapet har fem tilsette.
Selfa Arctic
Selfa Arctic AS har hovudkontor i Trondheim, i tillegg til anlegg i Rødskjær i Nordland. Bedrifta arbeider med nybygg av fiskebåtar og reperasjon og vedlikehald av fartøy opp til 130 tonn. Selfa Arctic har store verkstadanlegg på begge sine lokasjonar, med avansert utstyr for bygging og reparasjon av ulike typar fartøy. Bedrifta har produsert fiskebåtar i plast sidan 1979, og har ein marknadsandel på om lag 50 % innan fiskebåtar under 15m bygd i glasfiber. Selskapet bygde blant anna verdas fyrste elektriske sjark «Karoline» i 2015.