For å auka klynga og medlemsbedriftene si deltaking i EU‐prosjekt har NCE Maritime CleanTech tilsett ein EU-rådgjevar. Natalia Ivanova er på plass i stillinga frå 1. november.

EU-rådgjevaren vil vera ein sentral ressurs for klynga og medlemmene når det gjeld å identifisera aktuelle finansieringsutlysingar i EU og rettleia bedriftene om finansieringsmoglegheiter for deira innovasjonsprosjekt. Stillinga skal også initiere og følgje opp konkrete prosjektinitiativ, samt bistå i utforminga av EU-søknader.

Ei sentral brikke
Natalia er utdanna ingeniør/oseanograf ved Russian State Hydrometeorological University i Sankt-Petersburg, Russland. Ho har og ein doktorgrad innan algoritmeutvikling for satellittovervaking av oljesøl på havoverflata. Natalia har tidlegare jobba som seniorrådgivar i Senter for Internasjonalisering av utdanning og som forskar på Nansen Senter for Miljø og Fjernmåling.

–   Me er veldig glade over å få med Natalia i teamet vår. Ho vil vera ei sentral brikke i å oppnå auka deltaking i EU sine forskings- og innovasjonsprogram. Stillinga skal også bidra til å auka kvaliteten i internasjonale FoU- og innovasjonsprosjekt som vert utvikla hos bedrifter, forskarar og offentlege aktørar i klynga, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

Unik tilgang til informasjon
Som EU-rådgivar vil Natalia vera ein del av eit stort europeisk nettverk. ”Enterprise Europe Network” består av 4000 rådgivarar i 600 organisasjonar i over 40 land. Nettverket representerer ein unik tilgang til informasjon om marknadsforhold i andre land samt moglegheiter for partnar- og teknologisøk.

Stillinga er delfinansiert av Innovasjon Norge og vil vera eit to-års engasjement med moglegheit for to års forlenging

Me ynskjer Natalia velkommen til NCE Maritime CleanTech!