Om Wärtsilä og Hardcruise får det som dei vil, kan turistane i framtida oppleva Hardanger på ein heilt ny og miljøvennleg måte.

Dei to verksemdene har funne kvarandre gjennom NCE Martime CleanTech (NCE MCT), og no ynskjer dei å utvikle eit komplett konsept for klima- og miljøvennleg cruisetrafikk på Hardangerfjorden.
– Eg trur cruisetrafikken på Hardangerfjorden blir veldig miljøvennleg i framtida. I dag finst det teknologi for å gjera cruiseskip 100 prosent miljøvennlege. Og då kan ein vera cruiseturist med godt samvit, seier dagleg leiar i Wärtsilä Ship Design, Ove Wilhelmsen.

– Idéen er å tilby Hardangerfjorden på ein heilt ny måte. Me har leita etter partnarar, og det var då me kom i kontakt med ein av prosjektleiarane i NCE MCT. Klynga er ein fantastisk møteplass, seier dagleg leiar i Hardcruise, Hans Parnefält.

Tilskot til forprosjekt
Gjennom «Innovasjonsrammen» har NCE MCT og Innovasjon Norge bidratt med ein halv million kroner til forprosjektet som strekk seg fram mot sumaren 2018.
– NCE MCT er ein klyngeorganisasjon som er veldig viktig for oss. Dei hjelper oss å søke midlar på rett måte for å kunne gjere slike utviklingsprosjekt, seier Wilhelmsen.

Fartøy og framdrift
 I den fyrste fasen skal partnarane sjå spesielt på aktuelle fartøytypar og moglege framdriftssystem.
– Me ser på moglegheitene for å byggja om eit plattform supplyskip, utvikla eit elvecruisefartøy, samt å byggja heilt nye cruiseskip. Både heilelektriske og hybride energisystem vert vurdert, seier Wilhelmsen.

Hardcruise si rolle blir å sy saman eit konsept som er mogleg å selja til cruiseturistane.
– Hardcruise har ein genuin kjennskap til marknaden og turistar, kva dei vil ha og ikkje vil ha, meiner Parnefält.

Fleire partnarar
På sikt vil verksemdene trenge gode hovud frå fleire av partnarane i klynga.

– Dette er teamwork, og det trengs minst tre-fire forskjellige aktørar for å skapa det produktet me vil ha. Då er det fint å vere ein del av klynga, seier Hans-Åke Parnefält i Hardcruise.

– Me er allereie i dialog med andre moglege partnarar i klynga, som kan bli invitert inn i prosjektet, stadfestar Wilhelmsen.