Engasjerande innlegg og heite debattar kjenneteikna NCE Martime CleanTech sin årskonferanse. Her bidrog heile den maritime verdikjeda med sine perspektiv på utviklinga av smarte og miljøvenlege løysingar for framtidas skipsfart.
Med over 90 påmeldte sette NCE Martime CleanTech sin årskonferanse, «Smart & Green», soleklar deltakarrekord i år.
– Det har vore to spanande og kjekke dagar som stadfestar at dette er eit viktig arrangement for klyngebedriftene våre. Årskonferansen er ein god arena for debatt og kunnskapsdeling, og ikkje minst er det ein viktig møteplass. Maritim sektor vert smartare og grønare om me jobbar saman, seier dagleg leiar Hege Økland i NCE Maritime CleanTech.
Sjølv om gjestane på Solstrand vart ynska velkomen av iskaldt vinterver ved Bjørnafjorden, var stemninga innovativ og debattane heite i konferansesalen.
– Me treng engasjement og temperatur i debattane. Hos Maritime CleanTech møter me ein framoverlent gjeng som vil og evnar mykje. Gjennomføringskrafta i klynga har eg alltid beundra, sa medlem av energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Liv Kari Eskeland frå Høyre, som deltok i politikardebatten under konferansen.
Mellom klyngedeltakarane i salen med lengst fartstid i bransjen satt tryggleiksdirektør i Norled, Arvid Økland.
– Det viktigaste for meg er å få høyra kva som røyrer seg i marknaden og kva som vert neste generasjon av innovasjonar. Eg er også nysgjerrig på korleis klynga jobbar med innovasjonsprosjekt på tvers av ulike typar verksemder, seier han.
– Ikkje vent med innovasjon
At det å drive innovasjon er enklast i gode tider, var eit av hovudbodskapa frå fyrste føredragshaldar, Preben Carlsen, som er gründer i det anerkjende PR-byrået Trigger.
– Ikkje vent med innovasjon til det gjer vondt, forkynte han.
Den haldninga delte Hilde Aspås, leiar for den tverrindustrielle klynga på Nord-Vestlandet, iKuben. Ho var òg oppteken av å skapa ein samarbeids- og delingskultur mellom verksemdene, og rådde dei til å søke hjelp til å drive omstilling på ein strukturert måte.
– Me kartla innovasjonsprosessane i verksemdene våre, og det viste seg at dei ikkje hadde noko metodikk for innovasjon i tidleg fase. Det var krise som utløyste nytenking. Det viser at det er eit stort behov for å systematisere arbeidet i denne fasen, sa Aspås på årskonferansen.
Hydrogen sette fart i debatten
Hydrogen blir eit stadig heitare tema i maritim bransje, noko som spegla seg i innlegga og debattane på konferansen. Verdas første hydrogendrivne cruiseskip med null utslepp var eit av konsepta som vart presentert.
– Me veit me skal laga noko heilt nytt og me treng støtte frå vitskapen. No er me på jakt etter aktørar som me kan samarbeida med, og dela erfaringar med, under utviklinga av teknologien, sa prosjektleiar Serge Fossati frå Viking Cruise i sitt innlegg.
Anbodet for Kystruta (Hurtigruten) var òg mykje diskutert på konferansen. Debatten om miljøkrava i anbodet skaut fart etter at NCE Maritime CleanTech, Erik Ianssen frå Selfa Arctic og miljøorganisasjonen ZERO tidlegare i haust sette anbodet på agendaen både hos politikarar og i industrien. Ruta var blant anna tema då politikarar og næringa møttest til debatt på første dag av konferansen.
– Stortinget har greidd det med ferjene, men når det gjeld Kystruta har dei feila. Men me skal kjempe heil til anbodsfristen 3. januar for å få inn strengare miljøkrav. Kystruta er ei fantastisk moglegheit for teknologiutvikling, og til å byggje ein heilt ny infrastruktur langs noregskysten, sa Ianssen i sin replikk frå salen.
Under debatten etterlyste også Hege Økland ein klarare visjon for skipsfarten.
– Det er semje på Stortinget om at det ikkje skal seljast nye bilar med bensin og diesel etter 2025. Politikarane må fastsetta ein slik nasjonal miljøvisjon også for skipsfarten, som gi industrien retning, sa ho.
Jon Gunnes (V) sit i Transport- og kommunikasjonskomiteen som skal behandle forslaga frå Ap og SV om blant anna innføring av miljøvekting i anbodet. Han var einig i at tydelege mål må til for å skape eit marknad for nullutsleppsteknologi.
– Politikarane må stilla tydelege krav til teknologien, 10-12 år framover. Til dømes burde det vore einigheit om at me skal ha null utslepp på Kystruta etter ein eller annan dato. Industrien har vært tydeleg på at dei er klare for å hiva seg rundt, sa Gunnes.
– Årskonferansen har vore ein suksess
Om Noreg skal nå klimamåla sine, så treng me eit godt debattklima mellom dei som skal utvikle teknologien, dei som skal nyttegjera seg av den og dei som skal etablere naudsynte rammevilkår. Dette er årskonferansen til NCE Maritime CleanTech med og legg til rette for.
– Eg vil seie at årskonferansen har vore ein suksess, med brei deltaking frå blant anna verft, utstyrsleverandørar, utdanningsinstitusjonar og politikarar. Me hadde gode debattar og inspirerande innlegg frå dyktige føredragshaldarar. Dei har gjeve oss god innsikt i nye, smarte og grøne løysingar som me kan nytte i maritim sektor, avsluttar dagleg leiar Hege Økland.