NCE Maritime CleanTech er tildelt 250.000 kroner frå Innovation Express for å bidra til innovasjonssamarbeid og kunnskapsoverføring mellom vår klynge og ei dansk klynge innan materialteknologi.

Tora H. Myklebust og Marte Jensen frå klyngeadministrasjonen deltok på eit matchmaking-arrangement for klynger i Stuttgart hausten 2017. Dette var starten på eit nytt samarbeid med den danske klynga Danish Materials Network .

Strengare klima- og miljøkrav gjer at lettare og meir energieffektive konstruksjonar spelar ei hovudrolle i den grøne omstillinga i havnæringane. I eit nytt innovasjonsprosjekt skal tung kompetanse på lettare materialar gje klyngeverksemdene auka innsikt i materialval og effektiv produksjon ved bygging av fartøy og andre installasjonar til havs.

Internasjonalisering som viktig satsingsområde
Innovation Express er ei finansieringsordning med føremål om å styrka internasjonaliseringa av små og mellomstore verksemder. Maritime CleanTech og den danske klynga Danish Materials Network fann kvarandre under eit klyngearrangement i Stuttgart hausten 2017. Søknaden om midlar til samarbeid og studieturar vart nyleg innvilga av Innovasjon Norge, som er ein av støttespelarane til programmet. Prosjektet tok til den fyrste veka i januar 2018.

– Auka internasjonalisering er eit viktig satsingsområde for Martime CleanTech. I dette prosjektet ynskjer me å utnytte potensialet for samarbeid mellom verksemder i dei to landa og mellom klyngene våre. Slik kan me skapa nye produkt og identifisera nye forretningsmoglegheiter for klynga, seier dagleg leiar, Hege Økland.

Dei to klyngene har allereie kartlagd kva for verksemder som er mest aktuelle for samarbeid om smartare og grønare materialval. I Maritime CleanTech er Selfa Arctic, Fjellstrand, Servicebåt og Multi Solutions, Leirvik, Hydro og Sapa med i prosjektet, og dei har alle uttrykt stor interesse for å byggja meir kompetanse gjennom samarbeid med andre aktørar. NTNUs forskingssenter for aluminium vil òg vere ein deltakar. Frå Danmark deltar Alu Technologies, Dansk Anodiserings Industri, Secure, TUCO Marine Group, RadiSurf og Sjølund med, samt Danmarks Tekniske Universitet og ein handelsorganisasjon.

Skal definera dei mest berekraftige materiala
I januar skal prosjektet ha sitt fyrste planleggingsmøte. Til våren tek den danske klynga med seg eit utval av verksemder til Stord, og til hausten vil Maritime CleanTech ta med seg aktuelle klyngedeltakarar på tilsvarande studietur til Danmark. Nokre aktørar frå gruppa vil òg vitja ein av verdas største maritime møteplassar, SMM i Hamburg, i september.

– Me ynskjer å etablera ei plattform som me kan nytta som utgangspunkt for innovasjonsprosjekt, der målet er å definera dei mest berekraftige materiala med dei beste maritime eigenskapane i eit livssyklusperspektiv, seier Økland.

Aluminium vil væra sentralt i prosjektet, men òg andre material vil sjåast nærare på. Danish Materials Network og deira klyngeverksemder har spesialkompetanse på både metall og plast, som til dømes kan nyttast til å byggja eit lettvektsfartøy.

– Den danske klynga er sterk på materialteknologi, noko teknologileverandørar, skipsbyggjarar og reiarar er meir opptekne av enn nokon gong. Det finns allereie god kompetanse på dette i Noreg, men me trur at danskane kan gje oss enno djupare kunnskap om kva kvalitetar dei ulike materiala har når dei nyttast i eit maritimt miljø, seier Hege Økland.