Gjennombrotet for hydrogen i skipsfarten kan vera like rundt hjørnet. I eit nytt klyngeprosjekt er NCE Maritime CleanTech i gong med å utvikla ein hydrogendriven PSV med null utslepp.

Prosjektet hadde kick-off i januar, med ei klyngesamling rundt temaet hydrogen. Her informerte ei rekkje ekspertar om siste nytt innan teknologi og regelverk.

Klyngeprosjektet der NCE Maritime CleanTech, Statoil og Wärtsilä saman skal utvikle verdas fyrste hydrogendrivne PSV fekk mykje merksemd under samlinga i Stavanger.
– Ved innføringa av ny teknologi er samarbeid heilt vesentleg. På slike samlingar møter me folk ansikt til ansikt, får masse gode innspel og oversikt over kva som røyrer seg i bransjen. Eg håpar hydrogen er komen for å bli, og anboda frå Vegvesenet trur eg vil gje hydrogen i skipsfarten ekstra draghjelp, seier Helge Såtendal, representant for marineoperasjonane til Statoil.

– Eg synes hydrogenmøtet var ein innertiar. Her var både dei som utviklar teknologien, dei som skal designe og bygge fartøya, dei som skal eige og bruka dem og dei som skal utforme regelverket til stades. Utviklinga skjer i rekordfart og me fekk oppdatert oss og staka ut kursen vidare, seier Pål G. Eide, prosjektleiar i NCE Maritime CleanTech.

Statoil ynskjer grønare fartøy
Også for dei store oljeselskapa er det viktig å gjere fotavtrykket sitt minst mogleg. Det er godt nytt ikkje berre for miljøet, men også for kostnadsnivået til skipsoperasjonane.
– For Statoil er det veldig viktig å gjere fartøya grønare. Me er på ein måte ein del av problemet, samstundes som me ynskjer å vere ein del av løysinga ved å redusere CO2-utsleppa våre, seier Såtendal.

Fullt hus då NCE Maritime CleanTech inviterte klyngedeltakarar til hydrogen-seminar i januar.

Klyngedeltakar Statoil satsar for tida stort på å gjere flåten sin meir miljøvennleg.
– Berre i år får sju av fartøya våre installert batteri. Det betyr at me får redusert utsleppa spesielt i operasjonar der ein nyttar dynamisk posisjonering og når me ligg i hamn. Der kan me og ta i bruk landstrøm, seier Såtendal.

Norske verksemder godt posisjonert
På samlinga i Stavanger fekk eit 30-tals deltakarar også med seg siste nytt om brenselcelleteknologi og arbeidet med regelverk.
– Klynga verkar som ein veldig god møteplass, kor gode aktørar kjem saman for å tenke ut nye løysingar. Eg ser fram til at me i Norge begynnar å tenke meir konstruktivt rundt hydrogen. Me må tenke infrastruktur og tryggleik, og me må få fakta på bordet, seier dagleg leiar Tomas H. Tronstad i Hyon.

– Det er eit stort moment for bruk av brenselceller og hydrogen om bord i skip nett no. Norske verksemder er godt posisjonert internasjonalt med elektrifisering, og kan ta hydrogen raskt inn i portefølja si. Eg er veldig imponert over kor raskt den maritime næringa har omfamna hydrogen, seier dagleg leiar Kristian Vik i Norsk Hydrogenforum.

Det offentlege si rolle for å få fart på utviklinga vart også diskutert.
– Det er viktig at styresmaktene bidreg til å leggja til rette for ein marknad som får opp produksjonsvolumet. Då vil kostnadsnivået på både hydrogen og teknologi falle ganske raskt, seier forskar Frederik Aarskog frå Institutt for energiteknikk (IFE).