Klyngeprosjektet «Short Sea Pioneer» har funne ut korleis ein kan laste og losse konteinarar til sjøs, og er dermed eit steg nærare å gjere sjøvegen til eit alternativ for fleire. Med framtidsretta logistikk kan sjøen ta unna veksten i varetransporten og samstundes kutte utsleppa.
«Short Sea Pioneer» er ei fleirfartøy-løysing for konteinartransport som vert utvikla gjennom samarbeid i klynga. Konseptet deler oppgåvene innan varetransport i to. Eit moderskip vil segle langs ruta og levera gods til og frå store hamner, medan eit eller fleire dotterskip vil brukast til å frakte gods mellom morfartøyet og mindre hamner.
Konseptet er ikkje berre ei ny fartøyløysing, men ein ny måte å tenkja logistikk på. På Haugesundkonferansen i byrjinga av februar kunne leiar av prosjektet, marknadssjef Ada Jakobsen hos klyngedeltakar NorthSea Container Line (NCL), leggja fram ferske teikningar frå Wärtsilä Ship Design av dei banebrytande skipa.
– Mange meinte det var umogleg, men no har me kome eit steg nærare å løysa utfordringa med lasting og lossing av konteinarar til sjøs. Me har utvikla ein teknikk som tek omsyn til stabilitet og aukar kapasiteten på lastoverføringa med så mykje som tre gonger dagens nivå, som ligg på 15 konteinarar i timen, seier Jakobsen.
Kuttar kostnader og utslepp
Initiativet til «Short Sea Pioneer» vart teke av NCE Maritime CleanTech, med eit mål om å kutte kostnadar og utslepp ved å flytta meir varetransport frå veg til sjø. Ein kombinasjon av eit moderskip, eit dotterskip og ein mobil terminal gjer at fråværet av store hamner ikkje lenger blir ein flaskehals. Forutan NCL er Elkem, Servogear, Westcon Power & Automation, Wärtsila Ship Design, SINTEF Ocean og SNF (Samfunns- og næringsforskning) partnarar i prosjektet.
– Me har samarbeida med ekspertar på operasjonsanalyse hos SINTEF Ocean, for å sjå på korleis me skulle få logistikksystemet til å fungera i praksis. SNF har også gjort ein inngåande studie av dynamikk, vareflyt og potensialet i marknaden. Me har trua på dette, for me må utnytta sjøvegen betre for å ta unna den forventa veksten i varetransporten over heile verda. Sjøtransport er i utgangspunktet også eit meir miljøvenleg alternativ enn vegtransport, og med «Short Sea Pioneer» vil me kunne redusere miljøavtrykket vårt betydeleg, seier Jakobsen.
Målet er nullutslepp på lokal transport
For industriverksemder langs kysten vil dette seie at dei ikkje lenger treng å frakta konteinarane sine på trailerar til større hamner. I staden kan dotterskipene frakte konteinarane frå mindre hamner til moderskipet. Framdrift på moderskipet er LNG og batteri , medan dotterskipet har ei null- eller lågutsleppsløysing. Gevinsten er ein meir kostnadseffektiv og miljøvennleg konteinartransport langs kysten, samstundes som belastninga på vegnettet vert lågare.
Ved hjelp av prosjektpartnarane sin ekspertise på området vert det også arbeidd med å utvikle ei framdriftsløysing med hydrogen for dotterskipet.
– Me brukar prosjektet til å tøye grenser også innan framdriftsløysingar, og hydrogen er eit drivstoff som vil bli aktuelt på sikt, seier Jakobsen.
Nyttar designtenking i utviklinga
Prosjektet vart starta gjennom tildeling av midlar frå Designdrevet Innovasjonsprogram (DIP) frå Design OG Arkitektur (DOGA) i samarbeid med Innovasjon Norge og Norges forskningsråd. Designtenking set sluttbrukaren i sentrum på ein meir systematisk måte. Metodikken har klynga også nytta i designet av «Zero Service Vessel», ei ny fartøyflåte for oppdrettsnæringa.
«Short Sea Pioneer» har også treårig støtte frå MAROFF-programmet til Forskingsrådet for å utarbeida logistikkanalysar og vidareutvikla fartøydesigna.
– Me nyttar «Short Sea Pioneer» som ein plattform for innovasjon og tillét oss å tenkja enno lengre fram i høve til trendar, som til dømes auka sjømatproduksjon. Med dei rette løysingane kan ein i framtida frakte foredla fisk med «Short Sea Pioneer» sjøvegen i staden for på trailerar, avsluttar Ada Jakobsen.