Stipendiat Agnete Hessevik hos klyngedeltakar Universitetet i Bergen forskar på korleis energiomstillinga i maritim sektor finn stad i skjeringspunktet mellom næringsliv og politikk.

I sitt doktorgradsprosjekt søker Agnete Hessevik å finna svar på kva som motiverer reiarlaga til å gjere «grøne val». Forskinga er relevant for heile den maritime verdikjeda og alle andre aktørar som spelar ei rolle når skipsfarten skal bli meir klima- og miljøvennleg.

– Det er spanande å studera maritim bransje akkurat no, fordi me no har ein kjempemoglegheit til å styre den gjennom det grøne skiftet. Eg vil gjerne bidra til å synleggjere korleis det kan skje, seier ho.

Må kutta utslepp til sjøs

Skipsfarten må redusera utsleppa sine betydeleg for at me skal klara å nå ambisiøse mål for eit meir berekraftig samfunn, men det kjem ikkje av seg sjølv.

– Eg skal sjå på korleis norske styresmakter utarbeider sin politikk og reguleringar for å gjera skipsfarten grønare. Eg skal óg sjå på korleis andre aktørar i og utanfor maritim sektor påverkar reiarlaga, og til sist kva for rolle reiarlaga sjølve har på vegen mot ein meir miljøvennleg bransje. Det er viktig å kartleggja kva som fungerer og kva som ikkje gjer det.

Intervjuar aktørar i maritim sektor

Doktorgradsprosjektet ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap starta i haust og skal avsluttast i 2021. Hessevik er i full gong med feltarbeidet. Difor er stipendiaten ofte å sjå på ulike maritime arrangement, mellom anna dei mange klyngesamlingane i NCE Maritime CleanTech. Hennar oppdragsgjevar, Universitetet i Bergen, er også medlem av klynga.

– Det er veldig viktig for meg å møta dei som er i bransjen, både i og utanfor klynga. Det er dei som veit kva som går føre seg. I fyrste fasen av prosjektet prioriterer eg intervju med ulike organisasjonar som har fokus på klima og miljø., til dømes NCE Maritime CleanTech. Deretter ynskjer eg samtalar med reiarlaga om kva som ligg bak dei vala dei tek, samt korleis dei opplever reguleringar og styring utanfrå, når det gjeld reduksjon av klimagassutslepp, seier Hessevik.

Etter å ha fylgt maritim sektor ei stund, har Agnete Hessevik oppdaga at verkelegheita ikkje alltid er slik ein skulle tru.

– I Kystrute-saka som fekk mykje merksemd i haust, kunne det verke som om det var maritim sektor som var pådrivaren for strengare miljøkrav, medan delar av det politiske miljøet held att. Eg vil gjerne sjå nærare på kvifor det vart sånn, seier ho.

Ynskjer å realisera det grøne skiftet raskare

Stipendiaten fortel om «overraskande» god respons i bransjen for arbeidet hennar. Ho valde å vie doktorgradsstudiet sitt til maritim sektor, fordi ho ser eit stort potensial for å kutta utslepp der.

– Det var ei problemstilling eg sjølv ynskte å sjå nærare på. Eg er veldig oppteken av at me går gjennom eit grønt skifte og håpar at forskinga mi kan bidra til å skaffe kunnskap om kva som faktisk fungerer og korleis me kan realisera dette skiftet raskare.

– Behovet for godstransport til sjøs aukar i takt med forbruket, men me må redusera utsleppa. Eg håpar at kundane ein gong i framtida aktivt vil kunne velja dei skipstenestane som har lågast mogleg utslepp, seier ho.