I eit prosjekt støtta av NCE Maritime CleanTech gjennom Innovasjonsrammen kartlegg klyngedeltakarane Huisman og Eta Energi potensialet for å gjera flytande installasjonar meir energismarte.
Dei siste åra har fokuset på miljøfotavtrykket til fartøy og oljeproduserande plattformar vore stort, men det har ikkje vore like mykje snakk om dei installasjonane som borar etter dei fossile ressursane.
– Utsleppa frå flytande installasjonar er store, og potensialet for å kutte energiforbruket tilsvarande. Me har sett døme på riggar der ein kan redusera forbruket av drivstoff med så mykje som 50 prosent, seier Jan Atle Andresen hos klyngedeltakar Huisman, som leverer tekniske løysingar til offshore og maritime sektor.
Fekk midlar frå Innovasjonsrammen
For å gjera boreriggar meir energieffektive samarbeider Huisman med Eta Energi, som er ekspertar på energibruk og energistyring. Gjennom Innovasjonsrammen har NCE Maritime CleanTech og Innovasjon Norge bidrege med 200.000 kroner til forprosjektet som vert avslutta sommaren 2018.
– Me har kartlagt alle stader med potensial for å redusera energibruken på flytande installasjonar, med eit spesielt fokus på boreriggar. Me ser ikkje berre på boreprosessen, men også på kompletteringa av brønnane, på hjelpesystema og på energien som nyttast til å halda flytaren i posisjon, seier Andresen.
Energistyring kan spara 20 prosent
Prosjektet tek føre seg både ombygging av eksisterande riggar og nybygg. Dei ser også på alternative og meir miljøvennlege energikjelder, som ammoniakk/hydrogen og naturgass, gjerne i kombinasjon med batteri nytta til å ta toppane i forbruket, nett som om bord i mange offshorefartøy.
– På mange installasjonar produserer ein kostbar elkraft med dårleg verknadsgrad, samstundes som man heller ikkje styrer energien på ein god måte. Betre energistyring kan aleine redusera forbruket med om lag 15 prosent, seier Frode Styve, dagleg leiar i klyngedeltakar Eta Energi.
Kan læra energieffektivitet frå industrien
Eta Energi si konsulentverksemd har sitt utspring frå industrisektoren, som lenge har opplevd sterkt prispress og låge marginar.
– Me trur olje- og gassindustrien kan læra mykje av tankegangen til landbasert industri. På anlegg offshore dimensjonerer ein med store, robuste einingar som skal tåla høg belastning over kort tid. På land ynskjer ein gjerne ein jamnare og lågare kontinuerleg belastning. Med lågare effekt og jamnare belastning, vert forbruket redusert, samstundes som slitasjen på komponentane blir mindre, seier Styve.
Smartare styring av varmekablar på dekk er berre eitt av områda der Eta Energi trur det kan vera mykje å henta. Konsulentverksemda har i sin del av prosjektet lagt vekt på å få fram betre data frå installasjonane, slik at ein veit korleis alt heng saman.
– Utan dei famlar me i blinde. Me byrjer å få oversikt, men me ynskjer endå betre data. Med kontinuerlege målingar kunne me synleggjort for operatørar og anna mannskap korleis ein kan drifta fartøyet betre for å spara energi, seier Styve.
Ikkje dyrare å byggja miljøvennleg
Eit betre bilete på forbruksmønsteret om bord kan nyttast til å optimalisera energisystemet eller aller helst til å designa plattforma på ein annan måte frå starten av. Det er ikkje dyrare å byggja ein meir miljøvennleg borerigg enn det er å byggja ein som ikkje er det, meiner Huisman. Men utslepa og driftskostnadane vert langt lågare.
– Strøm, bølger og vind har enorm påverknad på forbruk og utslepp frå thrusterane i høve til å halda fartøyet på plass. Kan ein til dømes redusera vindpåverknaden ved å designa boreriggen annleis, vil det redusera opp mot 20 prosent, seier Jan Atle Andresen.