Klyngeverkstaden i Rosendal er blitt NCE Maritime CleanTech sin viktigaste og mest innovative møteplass. På årets samling møttest både norske og internasjonale aktørar for å dela idear og utfordringar, og for å leggja grunnlaget for ny innovasjon på vegen mot grønare og smartare skipsfart.

Leiaren av IMO-forhandlingane, Sveinung Oftedal frå Klimadepartementet, fortalde om den utfordrane prosessen for å få landa til å einast om ein konkret ambisjon for utsleppskutt.

Årets klyngeverkstad i Rosendal hadde rekordhøg deltaking, med nær 100 representantar frå alle delar av den maritime verdikjeda.

– Den årlege klyngeverkstaden er ei viktig samling av fleire grunnar. Den bringer folk saman, den gir deltakarane ny innsikt og kunnskap om viktige tema, og den gir klyngeadministrasjonen innspel på kva me skal jobba med vidare, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

IMO sit nylege vedtak om 50 % reduksjon i klimagassar frå skipsfarten innan 2050 danna mykje av bakteppet for samlinga. Leiaren av forhandlingane som førte fram til vedtaket, Sveinung Oftedal frå Klimadepartementet, var også i Rosendal for å fortelja om prosessen.

– Me hadde eit utfordrande utganspunkt, då situasjonen mellom landa var sterkt polarisert og ambisjonane varierte veldig. Men situasjonen krev tiltak no, og det var difor veldig gledeleg at me klarte å få landa til å einast om eit konkret ambisjon, fortalte han.

Avgjerande med samarbeid
IMO-strategien skal reviderast i 2023, og i tida fram til då skal det gjennomførast omfattande datainnsamling og utviklast ein plan for kva aksjonar som er naudsynte for å følgja opp målet.

– Eg meiner at framtidas shipping må byggast på tre pilarar: Me må ha nokre land som er spydspissar på å introdusere null- og lågutsleppsteknologi, me må utvikla eit internasjonalt rammeverk, og me treng teknisk samarbeid mellom aktørar for å utvikla dei løysingane skipsfarten treng. Om ein skal få internasjonal skipsfart til å gå mot låg- og nullutslepp, er det difor heilt avgjerande å ha klyngemiljø som Maritime CleanTech, seier Oftedal.

Noreg har lenge vore ein spydspiss innan innføringa av grøn teknologi i skipsfarten, men Oftedal var klar på at det må gjerast meir.

Det må skje meir på grøn skipsfart i Norge, og det kjem det til å gjera. Politiske miljø har gitt tydelege signal på at lav og nullutsleppsteknologi er høgt på agendaen, og dette må no manifesterast i politikken. Når det gjeld skipseigarar så har desse fått eit tydeleg signal frå IMO om kor ein skal hen. Me kjem no i ei brytningstid, der risikoen med å gjera ingenting er større enn risikoen med å vera tidleg ute, seier han.

Stort potensiale innan digitalisering
Digitalisering var eit anna sentralt tema på samlinga i Rosendal. Ein av innleggshaldarane var leiar for Kværners digitaliseringsarbeid Project Director, Senior Vice President, Ottar Alme. Han viste fleire døme på korleis selskapet nyttar kunstig intelligens og maskinlæring for å støtta ingeniørane sin arbeidskvardag.

– Digitalisering er ikkje ein revolusjon, men ein evolusjon – der me har fått andre og kraftigare verktøy som gjer at me kan ta i bruk ny teknologi. Og Kværner har sett korleis effektiv digitalisering gir god effekt på botnlinja, seier Alme.

Han viste blant anna til korleis selskapet har brukt maskinkraft til å forbetra designet på plattformbein – såkalla jackets. Her vert maskinkraft brukt til å analysera alle faktorar som vil ha påverknad på korleis konstruksjonen skal utformast, til dømes vekt, bølgepåverknad, korleis jacken skal treffa plattforma, evna til å motstå kollisjon med båtar, og kva standard den opererer under. Ved hjelp av algoritmar og massiv maskinkraft vert det generert ulike designversjonar, og analysar av desse.

– Slik kan me sjå kva design som er mest optimal ut i frå kriteria som kost og byggetid. Ut frå analysane får me også alt me treng for å sette jacken i produksjon, som 3D-filer, arbeidslister og materiallister, seier Alme.

Kværner kom også med gode råd til klyngedeltakarane for å sikra effektiv digitalisering i deira verksemder.

– Når ein skal byggja opp eit vegkart for digitalisering, må ein identifisera det som faktisk gir verdi for bedrifta. Det krev at organisasjonen blir involvert, og at ein høyrer på kva som er deira utfordringar idear. Eit godt råd er også å byrja med noko lite og enkelt for å demonstrera at konseptet fungerer, før ein skalerer opp, seier Alme.

Stort engasjement rundt nye idéar
Hovuddelen av samlinga i Rosendal var via interaktive workshopar, der deltakarane i grupper diskuterte nye smarte og grøne løysingar.

I workshopen som omhandla “grøn cruisefart” deltok også representantar frå dei internasjonale cruiseselskapa Carnival og Royal Caribbean Cruises.

Tema for årets workshopar var grøn cruisefart, digitalisering, framtidas produksjonsteknologi og deep-sea på veg mot lavkarbon. Deltakarane kom også med konkrete idear til nye innovasjonsprosjekt og aksjonar som klynga og medlemmene no skal jobba vidare med.

I sesjonen for grøn cruisefart deltok blant anna representantar frå to dei to internasjonale cruiseselskapa Carnival Corporation og Royal Caribbean Cruises Ltd.

Me har eit mål om å redusera utsleppa våre med 40 % innan 2040. Det kan me klara med dagens teknologi. Men 2050-måla er så drastiske at me treng nye idear og hjelp frå industrien, sa Sebastian Sala, Naval Architect & Project Engineer, Carnival Cruise Line.

Ein rapport som summerer opp arbeidet som vart gjort i gruppene er under utarbeiding, og vil bli lagt ut på nettsida vår om kort tid.

–  Slike workshopar gir mykje inspirasjon til klynga og medlemmane sitt vidare innovasjonsarbeid, og det blir spanande å sjå kva prosjekt og nye samarbeid som vert realisert som følgje av samlinga, seier Økland.

Presentasjonane frå samlinga finn du her (berre for medlemmer)