NCE Maritime CleanTech har fått støtte frå Innovasjonsrammen til tre nye innovasjonsprosjekt. Prosjekta omhandlar elektriske taubåtar, oppdrettsanlegg som er sjølvforsynte med fornybar energi, og eit system for utvinning av energi frå overskotsvarme på fartøy og riggar.
I vår utlyste Innovasjon Norge 5 millionar kroner til samarbeidsbaserte innovasjonsprosjekt i klyngene gjennom «Innovasjonsrammen». NCE Maritime CleanTech er no tildelt 600.000 kroner gjennom denne ordninga. Desse pengane blir fordelt på tre nye prosjekt, som vil kutta utslepp i ulike sektorar.
Nok ein gong viser me at innovasjonsevna i klynga vår er svært høg. Dette er tre gode prosjekt som alle har potensiale for store utsleppskutt, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.
Innovasjonsrammen er eit viktig verktøy for klyngene for å raskt kunne køyre i gang nye innovasjons- og samarbeidsprosjekt, og dette er tredje året klynga får tildelt midlar gjennom denne ordninga. Dei tre prosjekta som får støtte via vårens tildeling startar opp i juni og strekk seg fram mot sumaren 2019.
Dette er prosjekta som får støtte:
Lågare utslepp frå taubåtar
Søkar er klyngedeltakar Norwegian Electric System, som saman med klyngekollega Østensjø Rederi skal sjå på moglegheitene for å utvikla elektriske og hybride taubåtar. I dag finst det om lag 25 taubåtar ved norske terminalar som opererer innanfor ein radius på 15 nautiske mil. Hovudoppgåvene er å yta assistanse til olje- og gassfartøy under manøvrering og dokking ved eksportterminalene for olje og gass. Fartøya har normalt eit framdriftssystem dimensjonert for tunge oppgåver, men nyttar kapasiteten berre 10 prosent av tida. Potensialet for drivstoffs- og utsleppskutt gjennom elektrifisering er difor stort. Denne forstudien vil gje estimat på potensielle reduksjonar i utslepp, samt anslag på investerings- og driftskostnadar for dei elektriske fartøya.
Offshore fiskeoppdrett på fornybar energi
Søkar er klyngedeltakar Unitech Offshore, som ynskjer å utvikla eit konsept som gjer det mogleg å produsera sjømat lengre ut frå kysten på anlegg som er sjølvforsynte med fornybar energi frå sol, vind og bølgjer. Bruk av fornybar energi vil gi store reduksjonar i utslepp og støy samanlikna med anlegg som er drive av dieselgeneratorar. Dei andre deltakarane i prosjektet er Novaton AG og Uni Research Polytec.
For å auka den globale sjømatproduksjonen må ein i større grad utnytta areal lengre ut på havet, for å komma vekk frå trafikken langs kysten og redusera miljøpåverknaden på sårbare kystområde. Eit havbasert oppdrettsanlegg stiller høgare krav til maritime strukturar og energiforsyning, og vil ha høgare drifts- og investeringskostnadar. Ei viktig målsetting med prosjektet er difor å skalera opp anlegget, slik at fotavtrykket per produsert eining vert lågare.
Utnytting av overskotsvarme frå skip og riggar
Prosjektet, der klyngedeltakar Westcon Power and Automation er søkjar, ynskjer å sjå på moglegheita for å auka energieffektiviteten om bord i fartøy og riggar gjennom å gjera om overskotsenergi om til elektrisk kraft. Utnyttinga av energi frå dieselen i dieselmotorar om bord i skip ligg på omlag 50 prosent. Resten av energien går til spille i form av eksos og varme i kjølevatn. Potensialet for å auka energieffektiviteten er difor stort. Denne forstudien vil avdekka typiske mengder tilgjengeleg varmeenergi og anslå kor mykje el-kraft dette kan omformast til. Vidare vil studien indikera typiske område kor ei slik løysing kan resultera i reduksjon av dieselgeneratorar og forbruk.
Neste frist for søknader til Innovasjonsrammen er 15. september. Me oppmodar selskap som har gode idear til innovasjonsprosjekt om å ta kontakt med klyngeadministrasjonen.