NCE Maritime CleanTech er godt representert på Electric & Hybrid Marine World Expo i Amsterdam denne veka.
Selfa, Wärtsilä, Corvus Energy, The Switch og Norwegian Electric Systems er på plass med eigne stands. I tillegg har fleire representantar halde innlegg på konferansen og presentert null- og lågutsleppsløysingar.
Messa baud også på fleire spanande nyheiter. Forutan planane om bygging av batterifabrikk i Bergensområdet, annonserte Corvus Energy leveransar til ladestasjonane i Brekstad og Valset, som skal brukast at Fjord1 sine nye hybride ferjer. Kvar ladestasjon skal ha ein kapasitet på 565 kWh. Selskapet skal også levera energilagringssystema til ferjene, der Norwegian Electric System har fått i oppdrag å levera framdriftssystema.
Vidare annonserte The Switch at eigar Yaskawa Corporation skal gjera store investeringar i selskapet sine R&D aktivitetar i Finland. Investeringa vil gjere The Switch i stand til å utføra testing av drivliner opp til 15MW.
Ein god arena for nettverksbygging
Den årlege messa samlar aktørar frå heile Europa, men også aktørar frå Japan og Canada var til stades. Mange refererte til Noreg og det som skjer innan elektrifisering av ferjeflåten, og Enova ved Ingrid Aune presenterte korleis ein arbeider frå den norske stat si side med å leggja til rette for elektrifisering.
– Nettverk og nye kundekontaktar, er den viktigaste årsaka til at me deltek her. Eg merkar i år ei aukande merksemd rundt brenselceller og hydrogen. Me ser også at det kjem fleire nye batterileverandørar, seier Ingve Sørfonn, styreleiar i NCE Maritime CleanTech og teknisk direktør i Wärtsilä.
Storeslem i prisutdeling
På programmet til årets messe stod også den femte Electric & Hybrid Marine Awards, ein sermoni som heidrar det ypparste innan engineering, innovasjon og produkt innanfor elektriske- og hybdridløysingar til den maritime marknaden. Her stakk partnarar i klynga av med tre av fem prisar:
Corvus Energy – Supplier of the year
Wärtsilä – Propulsion Systems Manufacturer of the year.
The Switch – Engineering Team of the Year.
Me gratulerer!