Klyngeverksemdene Westcon Power & Automation og Norled fekk støtte frå Innovasjonsrammen til eit prosjekt som er ei viktig brikke i utviklinga av eit komplett konsept for bruk av hydrogen og batteri i bilferjer.

Søkjar er Westcon Power & Automation og partnar er Norled i prosjektet som har fått 300.000 kroner i støtte frå NCE Maritime CleanTech gjennom Innovasjonsrammen. Midlane er nytta i arbeidet med konseptualisering av teknologi som kan gje nullutslepps ferjestrekningar.

– Me har samarbeidd godt med reiarlaget Norled og designarar i LMG Marin, som begge er med i klynga. Me har sett på heile infrastrukturen som må til for at me skal kunne nytta hydrogen i kombinasjon med batteri på sjøen, seier Frode Skaar, leiar for sal og forretningsutvikling i Westcon Power & Automation.

Norled og Westcon er med i eit av tre konsortium som kjempar om kontrakten med Statens vegvesen på verdas fyrste hydrogendrivne bilferje til sambandet Hjelmeland-Nesvik-Skipavik. Ferja skal drivast 50 prosent på batteri og 50 prosent på hydrogen. I prosjektet skal det utviklast ei maritim brenselcelle og ein infrastruktur rundt.

Nullutslepp på lengre strekningar

Ved å nytta hydrogen som energikjelde, håpar Norled at dei kan oppnå nullutslepp også på dei litt lengre ferjestrekningane, kor batteriteknologien i dag ikkje strekk til.

Norled og Westcon er med i eit av tre konsortium som kjempar om kontrakten med Statens vegvesen på verdas fyrste hydrogendrivne bilferje til sambandet Hjelmeland-Nesvik-Skipavik.

– Me er veldig nøgde med  konseptet me snart skal leggja fram. Sidan me er i ein konkurransesituasjon kan me ikkje avsløra nokre detaljar no. Men me har studert bruken av  brenselcelle, lagringsform og kontrollsystemet rundt, og meiner me har kome fram til den mest optimale løysinga for ei hydrogenferje, seier teknisk direktør i Norled, Sigvald Breivik.

– Konseptet me har utvikla saman med Norled tek omsyn til alle faktorar, som tryggleik, logistikk, økonomi og miljø. Me har sett på behov på fartøyet og på land, på leverandørar av til dømes brenselceller og hydrogentankar og på skrogutforming. Heile kraftløysinga om bord skal styrast av Westcon sitt kraft- og automasjonssystem eSEAMatic BLUE, seier Frode Skaar.

Viktig med offentleg finansiering

Innovasjonsrammen er ei finansieringsordning for klyngeverksemder frå Innovasjon Norge. Hensikten er å støtta arbeidet med nye idear og konsept i ein tidleg fase for å auka farta på teknologiutviklinga.

– Det er viktig også for oss som sluttkunde at leverandørane våre har ein stad å gå for å delfinansiera teknologiutvikling. Utan disse midlane ville me kanskje ikkje kome i mål med hydrogenprosjektet. Det hadde i alle fall teke lenger tid, seier Sigvald Breivik i Norled.

For norske utstyrsleverandørar er forsking- og utviklingsmidlar direkte medverkande til at dei styrkar konkurransekrafta si i den beinharde globale konkurransen.

– Det skjer mykje innan hydrogen nett no. Me er også teknologileverandør til to av konsortia som skal utvikla ein hydrogendriven hurtigbåt for Trøndelag fylkeskommune. For oss er det kompetansebygging å vera ein del av disse anbodskonkurransane, seier Skaar.