EU sitt neste rammeprogram for forsking og innovasjon ”Horizon Europe” er no under utarbeiding, og skal gjelda frå 2021-2027. Programmet skal etter planen ha eit budsjett på 100 mrd. Euro.

Professor Bjørn Hvinden frå OsloMet, forskningsdirektør Marie Bysveen frå SINTEF Energi, generaldirektør Jean-Eric Paquet frå EUs generaldirektorat for forsking og innovasjon, ekspedisjonssjef i Kunnskapsdepartementet, Toril Johansson, professor Michaela Aschan frå Universitetet i Tromsø og dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

NCE Maritime CleanTech var blant dei nøye utvalde forsking- og ekspertmiljøa som fekk gi innspel til framlegget til det nye rammeprogrammet då EU sin generaldirektør for forsking og innovason Jean-Eric Paquet besøkte Noreg.

– Den maritime industrien er ein stor arbeidsgivar og ei viktig inntektskjelde for den europeiske økonomien. Som ein global industri spelar også shipping ei kritisk rolle i oppnåinga av FNs berekraftmål som livet under vatn, liv på land, rein energi og klimatiltak. Vårt bodskap til generaldirektøren var difor at havet må få ein sentral plass i det neste rammeprogrammet, seier dagleg leiar i klynga, Hege Økland.

Vår klynge var også representert då kunnskapsdepartementet inviterte til innspel frå norske forskings- og næringsmiljø. Også her etterlyste NCE Maritime CleanTech ei sterkare satsing på havet og maritim transport i det nye rammeprogrammet. Norske forskings- og næringsmiljø etterlyser også ei tydelegare satsingar på CCS og hydrogen.