Tre nye selskap vart tatt opp som partnarar i NCE Maritime CleanTech i november; Apply Capnor, GAC Norway og Orcas. Dei tre selskapa styrkar klynga innan område som blant anna digitalisering og avfallshandtering.

Orcas er eit norsk selskap som har utvikla eit konsept for autonome fartøy for oppsamling og handtering av plast.

Apply Capnor

Apply Capnor er eit spesialistselskap innan laserskanning og engineeringsløysingar, og hovudmarknadane er offshore og maritim. Selskapet leverer blant anna engineering av løysingar for handtering av ballastvatn og eksosreinsesystem till offshore- og cruiseskip, og effektivisering gjennom laserskanning og 3D-modellering.

– Eit eksempel på korleis dette verkar i praksis er vår avtale med Conoco Phillips. Gjennom å utarbeide ein webportal med laser skanningar av deira plattformar, kan mykje planleggingsarbeid i dag gjerast på land i staden for at ein må senda ekstra personell til plattforma. Løysinga sparer kunden for over 30 millionar i året, seier Kay Helge Hansen, VP Marine i Apply Capnor.

Apply Capnor har hovudkontor i Stavanger og ingeniørkontor i Krakow i Polen. Deira maritime kontaktperson sit på Stord.

 

GAC Norway

GAC Norway held til i Bergen og er eit skipsagentur/logistikkfirma som handterer rundt 3000 hamneinnløp i Noreg i løpet av eit år. Dei tilbyr fleire tenester relatert til maritim industri, og er i Noreg det leiande hamnegenturet for tankskip og offshorefartøy. Dei har oppretta eit eige «Environmental Agency» som skal hjelpa kundar å navigera i nye avfalls- og miljøreguleringar i maritim sektor.

– Me ser at miljøkrava innanfor skipsfarten blir strengare og strengare, og reiarane må forholda seg til ei rekkje nye krav både internasjonalt og nasjonalt. Vår oppgåve er å hjelpe reiarane å sikra at dei møter krava i områda dei operer i, og at dei har dei løysingane dei treng for å handtere ulike typar avfall i høve til regelverket, seier Quality, Training & Development Officer i Gac Norway AS, Ole Fredrik Torpe.

GAC Norway er del av GAC Group som har over 9000 tilsette i meir enn 300 kontor verda over.

– Det er viktig for oss å vere ein del av ei klynge som NCE Maritime CleanTech, som har mykje kunnskap og tankar om framtidas teknologi og kva retning me skal i. Samtidig kan GAC bidra med vår kjennskap til korleis krava blir handtert i praksis av reiarlaga, seier Torpe.

 

Orcas

Orcas er eit maritimt engineerings og rådgivingsselskap som blant anna har utvikla eit konsept for autonome fartøy for oppsamling og handtering av plast. Løysinga skal kunna dekka meir enn 1000 km2 sjøoverflate i løpet av eit år, og vera i operasjon opptil fleire månader utan bemanning.

– Denne løysinga passar blant anna godt for bruk ved utløpa til dei elvene i verda med mest plastavfall, då fartøya effektivt kan suge opp plasten samtidig som anna skipstrafikk ikkje vert påverka, seier CEO Arne Hyge Tørnkvist.

Fartøyet er også utvikla for å gjere plasten som vert henta opp klar til transport og leveranse til kunde på land.

– Me ser at det finnes betalande kundar for slikt avfall, og det er stor sponsorvilje frå myndigheiter i ulike land. Potensialet for ei slik løysing er derfor stort i tida som kjem, seier Tørnkvist.

Orcas vart starta opp i 2018 og har i haust mellom anna fått kommersialiseringsstøtte frå Innovasjon Norge, sikra rettane til løysingane sine, og planlagd oppstart av eit prototype-prosjekt hos Sintef Ocean i januar 2019.

– Orcas er veldig glade for å få moglegheita til å bli ein del av NCE Maritime CleanTech. Me har allereie kontakt med fleire av partnarane i klynga, og gjennom vår deltaking ynskjer med å utvida dette samarbeidet samt knyta nye kontaktar, seier Tørnkvist.