I januar vart klyngeadministrasjonen styrka med ein ny prosjektleiar. Med sin operative bakgrunn innan elektrifisering av ulike fartøystypar blir Paul Helland ein nyttig og viktig ressurs for medlemmene i klynga.
Paul Helland er tilsett som prosjektleiar innovasjon i NCE Maritime CleanTech frå og med 2. januar. Han kjem frå stillinga som Principal Surveyor i DNV GL.
Paul er utdanna automasjonsingeniør, og har ein master i strategi og leiing frå Universitetet i Tromsø. Dei siste 11 åra har han jobba i DNV GL, der han blant anna har leia prosjekt innan bygging, ombygging og resertifisering av skip, samt sertifisering av komponentar til skipsindustrien. I løpet av desse åra har han vore involvert i arbeidet med ei rekkje prosjekt knytt til elektrifisering av skip, som FELLOWSHIP-prosjektet, ombygging til batteridrift av North Sea Giant, Seven Viking og Normand Server, samt nybygg som Future of the Fjords og Teekay sine nye shuttle tankarar.
Klynga sin nye prosjektleiar har også erfaring som ingeniør frå selskap som Kongsberg Maritime, Aker Maritime og DeepOcean.
Paul får ansvar for å utvikla innovasjonsprosjekt i klynga, og vil såleis ha ei sentral rolle når det gjeld å realisere nye løysingar som kan redusera energiforbruk og utslepp frå havnæringane. Med sin operative bakgrunn og solide erfaring vil han bli ein viktig ressurs for medlemmene i klynga, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.
Paul vil ha base på klyngeadministrasjonen sitt kontor på Stord. Me oppmodar klyngebedrifter som ønskjer rådgjeving og bistand i sine utviklingsprosjekt om å ta kontakt!