NCE Maritime CleanTech har utvida staben og tilsett Geir Odland som senior forretningsutviklar.

Odland byrja jobben i klyngeadministrasjonen på Stord 14. oktober.

– Eg gler meg til å starta i ein organisasjon eg fekk kjennskap til då eg jobba i Westcon. Eg opplever NCE Maritime CleanTech både som framoverlent og som ein aktiv pådrivar i arbeidet mot nye energieffektive og miljøvenlege løysingar. Det er eit langsiktig arbeid som, interessant nok, mange gongar vil gå føre seg i samarbeid med aktørar som i dag jobbar mykje med olje og gass, seier Odland.

Elektroingeniøren har jobba mykje med automasjon, men han har også økonomiutdanning frå BI. Odland kjem frå stillinga som dagleg leiar i FRONTA Bygg. Han har også til saman 20 års røynsle frå ulike leiarverv i Aker, Kværner og Wärtsilä, samt Westcon Power & Automation der han sat som administrerande direktør i nær åtte år.

Framover kjem Geir Odland til å hjelpa NCE Maritime CleanTech og partnarane i klynga til å sjå nye mogelegheiter, samt å utvikla nye innovasjon- og utviklingsprosjekt.

– Eg håpar eg kan bidra med erfaringa ein sit att med etter å ha jobba på leverandørsida i verdikjeda i mange år. Eg trur fleire forhold i erfaringsbasen kan vera nyttige å ta med seg vidare. Samstundes er det veldig spennande å få vera ein del av ein organisasjon der ein får oppleva heile reisa frå ein god idè til ferdige løysingar ute i marknaden, seier han.

– Som senior forretningsutviklar vil Geir ha ei sentral rolle i arbeidet vårt med å få fram og kommersialisera nye grøne og energieffektive løysingar til havnæringane. Med sin solide industribakgrunn vil han vera ein svært viktig ressurs for klyngebedriftene våre, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.