Hybrid Port Energy (Becker marine systems) har utvikla eit flytande kraftverk – LNG Power Barge.
Deltakarar i NCE Maritime CleanTechs cruisegruppe hadde sist veke fleire viktige møte med leiande aktørar i cruisenæringa i Tyskland.
Innan 2050 må dei internasjonale reiarlaga kutta utsleppa frå sine skip med 50 prosent for å nå IMO sine utsleppskrav. Det krev ny teknologi og nye utsleppsfrie løysingar.
– Etterspurnaden etter norsk teknologi aukar i cruisenæringa. For at cruisenæringa skal klara å kutta utsleppa trengst ny teknologi og nye løysingar. Her er norske bedrifter langt framme, seier Håvard Tvedte, prosjektleiar i NCE Maritime CleanTech.

Sist veke gjekk turen til Hamburg og Papenburg i Tyskland. Turen blei arrangert saman med Norsk-Tysk handelskammer. Representantar frå fleire deltakarbedrifter i klynga fekk mellom anna sjå nærare på avansert produksjonsteknologi i praksis på Meyer Werft. Verftet har bygd fleire av verdas største cruiseskip.
Klyngedeltakarane fekk også høyra meir om korleis reiarlaga TUI Cruises, AIDA og Carnival Maritime ser på utvikling i åra som kjem.

Den tyske hamnebyen har ei av verdas travlaste cruisehamner med rundt 210 anløp kvart år. Talet på cruisepassasjer som er innom Hamburg har auka frå 90.000 til rundt 900.000 dei siste ti åra. Hamburg har som mål å gjera alle dei tre cruiseterminalane sine utsleppsfrie. Førebels er det berre Altona som har landstraumanlegg. I tillegg Hybrid Port Energy, eit dotterselskap av Becker Marine Systems, utvikla eit flytande kraftverk som produserer nok miljøvenleg straum til å halda eitt cruiseskip forsynt ved korte hamneopphald. Reisefølgjet frå Norge fekk sjå nærare på begge løysingane.
– Cruiseturisme er i sterk vekst internasjonalt. Ved å arrangera denne studieturen håpar me å bygga nye samarbeid og knyta kontaktar til det viktige arbeidet som må gjerast for å møta framtidas miljøkrav. I møte med den internasjonale cruisenæringa kan norske teknologileverandørar bli sentrale for å få fart på det grøne skiftet, seier Tvedte.
