NCE Maritime CleanTech-bedriftene Eidesvik Offshore, The Switch og Yxney Maritime kan alle vinna «Environmental Award 2020» når Annual Offshore Support Journal Awards går av stabelen i London i byrjinga av februar.

Det årlege bransjetreffet i London samlar kring 500 deltakarar kvart år. I tillegg til ei rekkje spennande innlegg og debattar, blir det også delt ut fleire prisar. Miljøprisen blir tildelt eit selskap, eit prosjekt eller eit produkt som har komme med eit sterkt bidrag i kampen for å minska utsleppa av klimagassar. I år er tre av fire nominerte til den gjeve prisen partnarar i NCE Maritime CleanTech. Den fjerde nominerte er den danske shipping-giganten Maersk.

 

Hybridsatsing

Reiarlaget Eidesvik er nominert til miljøprisen på grunn av sitt sterke fokus på miljøvenleg teknologi og innovasjon.

Eidesvik Offshore er blant dei nominerte til miljøprisen som blir delt ut under OSJ i London – mellom anna for hybridifiseringa av “Seven Viking”. Foto: EIDESVIK OFFSHORE

– Det er ei ære å bli nominert til ein slik pris. Å kutta utslepp er eit av våre klare satsingsmål. Me har jobba lenge og målretta for å komma dit me er i dag, at me har komme så langt som me har er mykje takka vera dei flinke og engasjerte folka om bord i båtane våre, seier Jan Fredrik Meling, CEO ved Eidesvik Offshore.

IMR-fartøyet «Seven Viking» er det femte skipet reiarlaget har bygd om til hybridfartøy, og offshoreskipeigarane reknar med å spara heile 750.000 liter diesel årleg.

– Me har samarbeida tett med fleire av dei andre klyngemedlemmane i NCE Maritime CleanTech i arbeidet med dei fem hybridfartøya me har bygd om til no. Framover skal me gjera hybridar av to fartøy til. Klyngesamarbeidet kjem til å halda fram i arbeidet med desse fartøya også, seier Meling.

 

Grøn software

Yxney Maritime har utvikla den skybaserte og visualiseringsprogramvaren, MARESS (Maritime Efficiency Supervisory Software) som ved å analysera data frå blant anna fartøy, AIS-system  og vêrvarsel bidrar til å auka energieffektiviteten til skip.

–Å vera nominert til denne prisen for klimaløysingar er ei fin stadfesting frå bransjen av at vår software Maress bidreg til signifikante utsleppskutt i offshorenæringa, seier Gjord Simen Sanna, CEO i Yxney Maritime.

Programvaren Yxney har utvikla blei enkelt teken i bruk på Solstad Offshore sin flåte. Ved å bruka softwaren har Solstad Offshore redusert CO2-fotavtrykket til sine operasjonar med meir enn 39.500 tonn C02 (2018 og 2019). Flåten brukar også 18% mindre drivstoff enn tidlegare.

–Me i Yxney vil bruka nominasjonen og konferansen til å veksa vidare å nå nye kundar internasjonalt. Våre kundar reduserte sine utslepp med over 60.000 tonn CO2 i 2019, det stadfestar viljen som er i marknaden for å finna meir klimarobuste løysingar. Det viser også  behovet for god avgjerdsinformasjon knytt til utslepp og effektive operasjonar. At tre av fire nominerte til OSJ Environmental Award 2020 kjem frå NCE Maritime CleanTech er ikkje tilfeldig. Det viser at klynga er leiande, også internasjonalt, i å levera gode løysingar for utsleppskutt til havs, seier Gjord Simen Sanna.

 

Hybrid-oppgradering

The Switch står bak hybrid-oppgraderinga av konstruksjonsskipet «North Sea Giant». Oppgraderinga har gjort at fartøyet no kan nytta batteri som «spinning reserve» og skru av to motorar i DP3-operasjonar. Dette sparer både driftstimar og reduserer vedlikehaldet om bord. Kutt i drivstoforbruk og utslepp følgjer også i kjølvatnet av installeringa av det effektive elektriske systemet om bord.

The Switch står bak hybrid-oppgraderinga av konstruksjonsskipet «North Sea Giant».

Kan bli årets skipseigar

Også klyngepartnar Østensjø Rederi AS kan vinna prisar i London. Reiarlaget er både nominert til prisen «Shipowner of the Year» og til «Offshore Renewables Award» med Hybrid SOV-prosjektet sitt.