Korona-pandemien sin verknad på næringslivet er ulik alle andre krisar som har ramma norsk næringsliv. Ein ny rapport frå Menon anslår at krisa vil råka offshore leverandørindustri og delar av maritim næring hardast. Samstundes kan omfanget reduserast gjennom offentlege tiltak.

På oppdrag frå Eksportkreditt har Menon Economics vurdert effekten av koronakrisa for norsk eksportnæring. Rapporten har fokus på dei næringane utanom olje og gass som er størst; blant anna maritim næring og offshore leverandørindustri.

Store delar av maritim næring opplever no utfordrande tider, med bortfall av inntekter og anstrengt likviditet. Rapporten peikar på at medan dei innanlandsretta næringane vil oppleve betydelege utfordringar i ein kort periode, vil utfordringane bli større for vårt internasjonaliserte næringsliv, og då særleg for maritim næring og offshore leverandørindustri.

Stor behov for offentlege tiltak
Menon peikar på at den pågåande krisa vil råka offshore leverandørindustri og delar av maritim næring hardast. Rapporten seier vidare at det vil komma konkursar, men at omfanget kan påverkast og reduserast gjennom offentlege tiltak, særleg gjennom framskundingar av investeringar knytt til det grøne skiftet. Dette har også NCE Maritime CleanTech lagt vekt på i sine innspel til offentlege aktørar.

Rapporten tar for seg effekt på nasjonalt nivå for tre ulike scenario. Det vil om kort tid koma ein rapport som viser effekt på regionalt og kommunalt nivå.

Rapporten kan du lesa her.