Årsmøtet til NCE Maritime CleanTech vart arrangert digitalt 25. mars. – Det er gledeleg å sjå tilbake på eit år med ei historisk høgt aktivitetsnivå i klynga, sa styreleiar Bjørn Sundland.

2019 var eit år med eit all-time-high aktivitetsnivå i NCE Maritime CleanTech. I løpet av året sette me og partnarane våre i gang heile 30 ulike innovasjonsprosjekt. Det var også sterk vekst i blant anna medlemsmasse, internasjonaliseringsaktivitetar og omtale i norske og utanlandske media.

Val av styre var ein av postane på programmet, og årsmøtet støtta valkomiteen sitt framlegg til styremedlemmer:

Bjørn Sundland, BKK (styreleiar)
Liv Reidun Grimstvedt, Høgskolen på Veslandet (nestleiar)
Hans Petter Nesse, Wärtsilä (styremedlem)
Erik Hjortland, Odfjell (styremedlem)
Vermund Hjelland, Eisdesvik (styremeldem)
Kristin Flornes, NORCE (styremedlem)
Tor Inge Dale, Solstad Offshore (styremedlem)
Terje Johansen, Kværner (styremedlem)
Helge Gjøsæter, Leirvik (styremedlem)
Pål Tveitevåg, BKK (varamedlem)
Asbjørn Tverdal, Haugaland Kraft (varamedlem)

Støtte i utfordrande tider
Korona-krisa var også eit sjølvsagt tema på årsmøtet. Pandemien har ført til utfordrande tider for bedriftene i den maritime klynga, og klyngeadministrasjonen har sett i verk ei rekke tiltak for å støtta bedriftene i klynga.

– Vårt fokus no er å hjelpa bedriftene våre med deira utfordringar. Me gjennomfører difor ein-til-ein møter med bedrifter for å drøfta moglege prosjektinitiativ og andre behov, sa dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

Klyngeadministrasjonen jobbar også aktivt mot politikarar og verkemiddelapparatet for å få på plass treffsikre krisetiltak, og for å innhenta og dela relevant informasjon om tiltak med klyngebedriftene.