Ein ny rapport frå Menon anslår at uansett kor djup og langvarig koronakrisa bli, så er det Vestlandet som blir hardast råka.
På oppdrag frå Eksportkreditt har Menon Economics vurdert effekten av koronakrisa for norsk eksportnæring gjennom to rapportar. Den første rapporten presenterte resultat på nasjonalt nivå, men rapport nummer to presenterer effekt på regionalt nivå. I rapporten er maritimt og offshore, reiseliv, sjømat og prosessindustrien tatt med under eksportretta verksemd.
– Det er umogleg å kunne fastslå kor djup og langvarig krisa blir. Me har difor utarbeida tre scenario for utviklinga framover, og i alle tre scenarioa er det Vestlandet som blir hardast råka av krisa, heiter det i rapporten.
Heile 40 prosent av dei 55 000 sysselsette som Menon i det mest negative scenarioet bereknar at kan bli oppsagd i dei fire eksportnæringane i 2020 er i fylka Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal. Til grunn for berekninga ligg at permitteringar ikkje er tilstrekkeleg for at bedriftene skal tilpassa seg ein ny situasjon. Fleire permitterte vil derfor bli oppsagde.
Vestlandet er også den landsdelen som vil råkast hardast på lengre sikt. Bakgrunnen for dette er at landsdelen husar ein stor del av næringane offshore og maritim.
10-17% reduksjon i omsetnad
For maritim næring og i offshore leverandørindustri vil det bli sagt opp eit betydeleg tal sysselsette i alle scenarioa som Menon legg fram. I scenario 1 (kortvarig krise) indikerer resultata at mellom 4 500 og 11 500 menneske vil bli sagt opp. I scenario 3 (langvarig krise), med vedvarande lave oljeprisar på mellom 20 og 30 dollar fatet, vil talet på personar som blir sagt opp i maritim næring og i offshore leverandørindustri stige til mellom 9000 og 22 000 menneske innan utgangen av 2020.
Menon anslå at omsetninga i maritim og offshore industri vil reduserast med mellom 10 % (scenario 1) til 17 % (scenario 3) i 2020.