Den 15. april heldt Innovasjon Norge eit webinar for medlemsbedriftene i klynga. Her gav dei deltakarane ei oversikt over tiltak som er sett i verk for å hjelpe norske bedrifter med utfordringar som følgje av koronasituasjonen.
Presentasjon: Webinar 15.04.20 NCE MCT.
Auke i midlar
Innovasjon Norge har fått ei betydeleg auke i midlar til å styrka utviklingsaktivitetar i næringslivet. Dette er ein del av tiltakspakka som no har kome frå styresmaktene. Frå og med 15. april har Innovasjon Norge lansert to nye tenester og oppdatert fleire av sine tilbod som følgje av koronakrisa.
Som ein del av regjeringa sine tiltak for å avgrense skadeverknadane av koronapandemien for norsk økonomi, har Innovasjon Norge fått auka rammer til innovasjonstilskot retta mot SMB’ar med vekstambisjonar. Det har blitt tilført ei ramme på 2 mrd., noko som vil bidra til risikoavlasting av bedrifter i ein vekstfase og bedrifter med forskings- og innovasjonsaktivitet. Ønskjer du å vite meir om dette kan du trykke her.
For bedrifter som er prega av koronapandemien vil det i hovudsak verte innvilga eitt års avdragsutsetjing. Søknadsskjemaet for dette finn du her.
Innovasjon Norge har òg sett ned rentene med 1,0 prosentpoeng på lavrisikolån og 1,25 prosentpoeng på risikolån (inkluderer blant anna Innovasjonslån og Oppstartslån). Dette gjeld nye lån frå 23. mars og for løpande lån frå 15. april. For Innovasjonslån er det tilført ei ekstra ramme på 1,6 mrd., noko som gir utvida moglegheiter til å ta risiko. Målgruppa vil være SMBar med vekstambisjonar. Det blir òg opna for at Innovasjon Norge kan etablere innovasjons- og risikolån med lågare krav til sikkerheit enn dei normalt krevjar.
For å lese meir om desse krisetiltaka, gå inn på Innovasjon Norge sine nettsider:
https://www.innovasjonnorge.no/no/tjenester/finansiering2/krisetiltak/
Klyngeadministrasjonen er i tett dialog med Innovasjon Norge, og me oppmodar klyngebedrifter til å ta kontakt med oss dersom de har spørsmål eller treng rådgiving til søknadsutforming.