Den 16.april heldt Forskningsrådet og MobiFORSK eit webinar for medlemsbedriftene i klynga. Her gav dei deltakarane ei oversikt over tiltak som er sett i verk for å hjelpe norske bedrifter med utfordringar som følgje av koronasituasjonen.

Lenke til presentasjonane frå webinara:
Forskningsrådet
MobilFORSK

Klyngeadministrasjonen er i tett dialog med Forskningsrådet og MobiFORSK, og me oppmodar klyngebedrifter til å ta kontakt med oss dersom de har spørsmål eller treng rådgiving til søknadsutforming og kopling opp mot aktuelle samarbeidspartnar.

Auke i midlar

Forskningsrådet har gjort fleire grep for å hjelpe næringslivet under koronakrisa. Dei har også fått 250 millionar kroner ekstra til å styrke satsinga på næringsretta forsking, noko som bring det totale utlysingsbeløpet for 2020 opp i 1,5 milliardar kroner. Denne auken skal bidra til å holde FoU-aktiviteten i gong i heile breidda av næringslivet, slik at forskingsprosjekt og -aktivitetar blir oppretthaldt.

Støtte til demonstrasjonsprosjekt i næringslivet har auka frå 70 til 110 millionar kroner. Den maksimale støttesatsen til både IP-D, demonstrasjons- og piloteringsprosjekt har òg auka. Normalt vil bedrifter få støtte til 25 prosent av sine budsjetterte prosjektkostnadar. Det blir no opna for støtte utover 25 prosent avhengig av bedrifta sin storleik, prosjektet sine forskingsaktivitetar og samarbeidskonstellasjonar.

Tidlegare har det blitt opplyst om at prosjektoppstart må vera mellom 1. januar 2021 og 1. juni 2021, men dette har blitt endra. Det seinaste tidspunktet for oppstart av prosjektet er no 6 månadar etter melding om løyving.

Det er òg blitt tildelt 130 millionar kroner til petroleumsforsking for å bidra til utvikling av olje- og gassnæringa. DEMO 2000 er tildelt 80 millionar kroner ekstra, og totalt tilgjengelege midlar er no 150 millionar kroner. Petromaks 2 er tildelt 50 millionar kroner ekstra, og har no totalt tilgjengeleg 230 millionar kroner. Her kan klyngebedrifter som bidreg i reinare operasjonar på sokkelen søkja midlar.

Meir informasjon om tiltaka som Forskningsrådet har sett i verk som følgje av koronaepidemien finn du her.

MobiFORSK

MobiFORSK er eit prosjekt i regi av Vestland fylkeskommune og ein del av Forskningsrådet si satsing på forsking og innovasjon i norske regionar. Målet med satsinga er å fremje koplingar mellom næringsliv og FoU-institusjonar og på den måten bidra til meir forskingsbasert innovasjon i næringslivet.

MobiFORSK sin mobilitetsordning har blitt endra som følgje av koronasituasjonen. Denne ordninga går ut på at kandidatar frå næringslivet kan få 20 % stillingar hjå FoU-institusjonar for ein kortare periode, eller at forskar kan hospitere i bedrift. Tidlegare har dette hatt ei ramme på inntil 150.000 kroner (50% eigeninnsats). Denne ramma er no inntil 100.000 kr (0% eigeninnsats).

Det finst òg ei ordning for forprosjekt i bedrifter med liten eller inga FoU-erfaring. Her må bedrifta samarbeide med eit FoU-miljø i prosjektet. Tidlegare var ramma inntil 300.000 kroner (50% eigeninnsats), men no er denne ramma inntil 250.000 kroner (20% eigeninnsats).

For å lese meir om MobiFORSK, gå inn på nettsida deira her.