Sjøfartsdirektoratet si tilråding om å utsetja krav om nullutslepp i verdsarvfjordane møter sterke reaksjonar. – Industrien har respondert på vedtaket og gjort store investeringsbeslutningar for at cruiserederia skal møte nye utsleppskrav. No risikerer me at alt utviklingsarbeidet blir sett på vent, seier CEO i Corvus Energy, Geir Bjørkeli.
I april 2018 vedtok eit einstemmig Storting å innføra krav om nullutslepp i verdsarvfjordane frå seinast 2026. No har Sjøfartsdirektoratet kome med ei tilråding til klima- og miljødepartementet om å utsetja vedtaket til 2030. Tilrådinga møter sterke reaksjonar frå både politikarar og industrien.
Batterileverandøren Corvus er blant selskapa som har gjort store investeringar i forsking- og utvikling for å levera løysingar som kan hjelpa cruiseskipa å møta nullutsleppskrav i 2026.
– Me har investert over 100 millionar kroner i utvikling av løysingar som vil gi cruisenæringa moglegheit til å segla utsleppsfritt inn og ut av verdsarvfjordane, og er i sluttforhandlingar med fleire store cruiserederi. Dette er eit direkte resultat av nullutsleppsvedtaket. Det er svært uheldig at Sjøfartsdirektoratet no skapar usikkerheit, og som eit resultat kan alle desse prosjekta bli sett på vent, seier Bjørkeli.
Han meiner tilrådinga frå Sjøfartsdirektoratet ikkje er i tråd med røynda.
– Sjøfartsdirektoratet ser seg i bakspeilet og baserer si tilråding på kva som er teknologistatus i dag. Eg meiner dei ikkje har hatt god nok dialog med industrien om kva utvikling som kjem framover – nullutslepp frå vil vera fullt mogleg i 2026, seier Corvus.
Svært uheldig
Også frå politisk hald kjem det sterke reaksjonar. I Teknisk Ukeblad i dag uttalar stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) at ho er skuffa over Sjøfartsdirektoratet. No ber ho om eit klart svar frå regjeringa om at stortingsvedtaket om nullutslepp i verdsarvfjordane frå seinast 2026 står fast.
– Det som har skjedd sidan vedtaket i 2018 er formidabelt. Sjå to år tilbake i tid og dei sjumilsstega som er tatt. Det vert gjort store framsteg heile vegen. Bransjen har tatt dette på høgste alvor, seier Eskeland til Teknisk Ukeblad.
SV-politikar Lars Haltbrekken, også frå energi- og miljøkomiteen, stiller seg også uforståande til Sjøfartsdirektoratet si tilråding.
– Dette er eit einstemmig stortingsvedtak. Regjeringa må gå klart ut og sei at dei står fast på vedtaket, seier Haltbrekken til Teknisk Ukeblad.
Dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland, meiner rapporten frå Sjøfartsdirektoratet sender uheldige signal i ei tid då industrien treng føreseielegheit.
– Dersom kravet vert utsett til 2030, så vil utviklingsarbeidet bli sett på vent. Det har me ikkje tid til.