Hege Økland, CEO NCE Maritime CleanTech og Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

I dag har regjeringa lansert si grøne omstillingspakke for næringslivet. Pakken skal brukast til  ekstra tiltak for å støtta næringslivet og samtidig få ned klimagassutsleppa i Noreg. Grøn skipsfart vert peika på som eit område med særleg potensiale.

Første del av pakken vart lagt fram fredag morgon med ei ramme på 3,6 milliardar. Den største satsinga i er ei eiga avtale med Enova.

– Vi målrettar inn 2 milliardar kroner til innovasjon og nye prosjekt innan til dømes maritim næring, fornybar energi og leverandørindustrien. Der står det prosjekt klare som kan settast i gang raskt, seier Klima- og miljøminister, Sveinung Rotevatn.

I fjor delte Enova ut 5,6 milliardar kroner. Tilleggsløyvinga på 2 milliardar vert tildelt i eit eige mandat retta mot industri og klimateknologi. Til nettstaden E24 peikar Rotevatn på teknologiar som hydrogen, batteriteknologi, havvind og utsleppsreduksjon i skipsfarten som område med særleg potensial.

Vidare går ein milliard kroner til ein «grøn plattform» under Forskningsrådet, Innovasjon Norge og Siva, der bedrifter skal konkurrera om å utvikla nye klimateknologiar. Desse pengane er retta inn mot forsking og utvikling, og vert fordelt over tre år. 600 millionar kroner går til andre tiltak.

– Auka midlar til nye satsingar innanfor fornybar energi og grøn skipsfart vil bidra til å få folk tilbake i jobb og til å styrka konkurranseevna til industrien. Men me saknar fleire tiltak som kan setja i gang store enkeltprosjekt som raskt kan utløyse aktivitet. Me har også spelt inn behovet for auka støttegrad til bedriftene, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

På Stord

I samband med markeringa av byggjestarten til det nye biogassanlegget til Sunnhordland naturgass blei det halde eit mini-seminar om klima og biogass på Stord hotell i dag. På talarlista stod mellom anna Hege Økland og Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Statsråden rosa regionen for å vera heilt i front i den grøne omstillinga.

– Sunnhordlandsregionen er verdsleiande på mange felt. Både når det gjeld olje- og gass, og når det kjem til det grøne skiftet. Det er ein enorm kompetanse her som me må byggja vidare. Det håpar eg krisepakken bidreg til. Coronakrisa har ført til at me har måtta bremsa næringslivet. No er tida inne for å gje gass att. Men no skal me trykka inn den grøne gasspedalen. Den fossile får stå i ro, seier Klima- og miljøministeren.

– Dagens krisepakke er ein god start som vil virka raskt og kraftig, og er meint målretta til klimateknologi. Den kjem til å skaffa jobbar, og kutta utslepp. Men me jobbar med ein større klimaplan som eg sjølv skal levera til Stortinget i løpet av året. Der kjem ein til å sjå breidda i den nye klimapolitikken, seier Sveinung Rotevatn.

170 millionar kroner til forskingsfartøy
Regjeringa foreslår å byggja eit nytt kystgåande forskingsfartøy for Havforskningsinstituttet. Fartøyet vert anslått å kosta 110 millionar kroner, og skal fortrinnsvis brukast i nord.
I tillegg foreslår regjeringa å setja av 60 millionar kroner til oppgradering og vedlikehald av forskingsfartøy og utstyr til kontrollfartøy.

Framskundar oppgradering av marinefartøy
Regjeringa foreslår å framskunde oppgraderinga av sjøforsvarets Skjold-klasse kystkorvetter og vil bruka over 500 millionar kroner på dette.

Styrka forskingsinnsats for lågutslepp
Regjeringa foreslår å løyva 75 millionar kroner til Norges Forskningsråd for å styrka arbeidet med lågutsleppsforsking.  Tildelinga skal fremja forsking, utvikling og innovasjon av nye løysingar som kan føra til at Noreg reduserer utslepp av klimagassar samtidig som det stimulerer til næringsutvikling.

Auka støtte til grøn omstilling i kommunane
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Klimasats med 50 millionar kroner.  Gjennom Klimasats kan kommunar og fylkeskommunar søke om støtte til prosjekt som kuttar klimagassutslepp og bidrar til omstilling til lågutsleppssamfunnet.

Tiltak for grøn skipsfart 

Regjeringa foreslår å oppretta ein eigen låneordning under Innovasjon Norge for flåtefornying innanfor nærskipsfart og fiskefartøy. Låneordninga vil ha ein tapsavsetning på 150 millionar kroner og ramma på 300 millionar kroner. Vidare vert det foreslått å auka ramma til Maroff-programmet i Norges forskningsråd med 65 millionar kroner, kor grøn skipsfart er eit prioritert område, samt 20 millionar kroner til utviklingskontraktar for grøne hurtigbåtar under Klimasats.

Havvind
Regjeringa foreslår å løyva 15 millionar kroner til etablering av eit nytt forskingssenter for miljøvenleg energi (FME). I tillegg vil Olje- og energidepartementet tildele 10 millionar kroner til eit prosjekt knytt til utviklinga av leverandørkjeder og leveransemodellar for vindkraft til havs.

Styrka satsing på hydrogen
Regjeringa foreslår å løyve 120 millionar kroner til ENERGIX-programmet i Norges forskningsråd for å fremma innovasjon og omstilling i norsk næringsliv.

Regjeringa foreslår i tillegg å auke overføringa til Klima- og energifondet med 2 mrd. kroner i 2020. Midlane skal forsterka satsinga på teknologiutvikling i industrien og bidra til grøn omstilling på vegen ut av krisa i tråd med omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Midlane vil blant anna støtta opp under grøn teknologiutvikling innenfor område som hydrogen, batteriteknologi, havvind og grøn skipsfart.

Satsinga byggjer opp under regjeringa sin hydrogenstrategi som klima- og miljøministeren og olje- og energiministeren vil lansera i byrjinga av juni.

Auka tilskot til Norwep
Regjeringa foreslår å auka det statlege tilskotet til NORWEP for 2020 med 20 millionar kroner, til 54 millionar kroner.  Stiftelsen NORWEP har som oppgåve å fremja internasjonalisering av dei norskbaserte energinæringane.

Ettersom regjeringa ikkje har fleirtal i Stortinget vert det no forhandlingar me opposisjonen får å få omstillingspakka vedtatt.